Sliten 40-åring
Søndag var det nøyaktig 40 år sidan Sotrabrua vart opna for trafikk. Den har tent regionen godt, men no er det på tide med avlasting.
Endret 13.12.11 09:12
Den offisielle opninga av Sotrabrua var 25. mai 1972. Då kom sjølvaste kong Olav og kasta glans over den historiske hendinga. 11. desember 1971 var det eit moderne byggverk som stod klar til å føre sotrastrilane inn i den nye tid. Det var ein draum som var gått i oppfylling. Ein draum som starta alt i 1954. Med brua kom utviklinga, både innan næringsliv og folketal. På 60-70-talet var det mange som pendla til Bergen på jobb. Somme av lokalsamfunna på øyane her ute var i ferd med å bli avfolka. I samband med 25-årsjubileet for brua sa stortingsmann og statsråd Ingvald Ulveseth, som fekk mykje av æra for fastlandssambandet, at målet først og fremst var å halda på innbyggjarane. Det vart betalt store summar i pendlartilskot for at folk skulle bli buande. Brubyggjarane drøymde og om at brua også skulle føre til ein ny giv for næringslivet.
Alt dette gjekk i oppfylling. Pendlarane vart verande, mange som hadde flytta, vende tilbake, og byfolket fekk også auga opp for tomtelandet på Sotra. Til tider vart presset på Fjell så stort at mange meinte ein burde stoppe tilflyttinga. Det er mange som minnast biletet av ordførar Olav Midttun som stod på Sotrabrua med handa heva som stoppsignal. Dette var allereie på 1980-talet.
Trass store utfordringar og kraftige veksesmerter har vi fått eit velfungerande og livskraftig samfunn på dei før avfolkingstrua øyane. Men brua som i mange år har vore ei velsigning for regionen, er no blitt eit alvorleg problem. Det er mange som undrar seg over at det ikkje har vore mogleg å sjå at Sotrabrua ikkje ville vare evig, og at planane for erstatning og avløysing ikkje vart iverksett for lenge sidan.
Sotrabrua er ein svært sliten 40-åring, prega av stor trafikk dag og natt. Dessverre blir ho godt over 50 år før ho får den avlastinga ho så sårt treng.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



