Skulenedlegging
Så er Fjell for alvor i gang med ein ny runde skulenedlegging. Sist politikarar og administrasjon for alvor prøvde seg med ei slik øving, tidleg på 1990-talet, vart restultatet at null (0) skular blei nedlagde.
Endret 09.02.10 13:02
Verken før eller seinare har fjellsokningane vore så engasjerte som då politikarane prøvde spare på skulebudsjettet. Forslag om å fjerne krinsgrensene, kutte ned på drifta og redusere investeringa førte til at 600-700 foreldre og besteforeldre gjekk i prostestmarsj i forkant av kommunestyremøtet som skulle handsame kuttlista. Rabalderet heldt fram då skulesjefen kom med lista over skular som var trua. Men politikarane greidde ikkje samla seg om å leggje ned ein einaste skule.
Denne omgangen vart tjuvstarta då kommunestyret valde å spesialbehandle Fjell skule. Trass prostestar frå bygdefolket greidde ikkje den gamle skulen på Fjell gard å halde stand. No er elvevane flytta til Ulveset skule.
Neste runde nedlegging kom kjappare enn venta. Rådmannen tilrår at skulane Syltøy, Algrøy og Skålvik blir nedlagde allereie frå hausten av. Tidsplanen er forståeleg. Politikarane har det travelt med å bli ferdig med striden i god til før neste kommuneval. Blir det ikkje gjort i år, kan det ta lang tid før planen blir henta fram att. Å drive lokal valkamp med skulenedlegging på programmet, er einsbetydande med planlagt politisk sjølvmord.
Ein av skulane som stod på nedleggingslista tidleg på 1990-talet, var Knappskog skule. Vi veit alle korleis det gjekk. No har Knappskog flunkande ny skule, og førebels ingen problem med å fylle den.
Same historia kan ta seg oppatt med skulane på Vestsida. Det er utbyggingsplanar både på Ulveseth, Ågotnes og i bygdene i mellom. Sjølv om ungdomsskuleelevane frå Ågotnes og Ulveset no blir flytta, kan det fort fyllast oppatt med barneskuleelevar.
Det er forståeleg at foreldre kjempar for skulen i nærmiljøet. Men i striden må dei huske på at politikarar og administrasjon ikkje legg ned skular for å vere ekle. Også deira mål er ein best mogleg skule for flest mogleg. Mange og gamle skular syg pengar frå budsjettet. Nye tider krev meir moderne bygg. I enkelte tilfelle kan det vere politisk uansvarleg å gi etter presset frå krinsane om halde på alle skulane.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



