Vestnytt / Leiar / Samarbeid om brannvern

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Samarbeid om brannvern

 Politikarar i Sund er skeptisk til eit utvida brannvernsamarbeid med Bergen. Dei fryktar at det skal gi mindre tryggleik enn ein har i dag. Særleg i Sund.

Publisert 04.05.10 08:05
Endret 04.05.10 08:05

 

Vi skjønar godt denne skepsisen. Turen frå Bergen til Sund går ikkje berre gjennom eitt nålauge, men to. Først skal ein passere Sotrabrua som er einaste måten å kome seg til Sotra på. Deretter skal ein vere trygg på at vegen ikkje er stengd ein eller annan plass mellom Fjell gard og Skogskiftet, der einaste vegen mellom Fjell og Sund går. Skal sundsokningane kjenne seg trygge, er dei avhengig av at det er tilgjengeleg og tiltrekkeleg brannmateriell og -mannskap i kommunen.  Sund-ordførar Albrigt Sangolt peikar på at med så gode røynsler som ein har hatt med Sotra brannvern, skal det mykje til før ein fjernar brannvesenet frå lokalsamfunnet.

No er det ingen som har sagt noko om at dagens ordning med ein stasjon på Ågotnes og ein i Sund skal endrast. Fjell-ordførar Lars Lie forsikrar om at det ikkje skal bli færre brannfolk på Sotra, tvert om skal bemanninga her ute styrkast. Men utgreiinga som no skal i gang, kan føra til at leiinga skal sitje i Bergen. Med andre ord kan brannsjefen for Fjell og Sund få sitt sete i Bergen. Slik Bergen etter sløkkjeavtala i dag har ansvaret for Litle-Sotra, Bjorøy og Tyssøy.

Direktoratet for samfunnsikkerhet og Beredskap (DSB) har sagt at tettstader med meir enn 8.000 innbyggjarar skal ha kasernert mannskap i beredskap på dagtid. I praksis kan det innebera ein eigen brannstasjon. Litle-Sotra har passert dette folketalet, i tillegg er her helseinstitusjonar, mange skular og  eitt av Norges største handlesenter. Men Fjell-politikarane har lite lyst til å bruke mange pengar på å byggje ein ny brannstasjon. Dei vil heller ha eit samarbeid med Bergen. Ordførar Lars Lie (H) tek jamvel til orde for ein ny brannstasjon ved Storavatn på bysida.

I denne omgangen skal kommunestyra bestemme om eit regionalt samarbeid skal utgreiast. Det har Sund og no Fjell sagt ja til. Først ved utgangen av året skal kommunane ta  stilling til om løysingane er gode nok. Å få ei slik utgreiing på bordet kan ikkje skade. Det viktigaste er trass alt at tryggleiken og beredskapen er god. Når innsatsen trengst, må typen oppdrag ein skal ut på og behovet for kompetanse avgjera om Sotra eller Bergen skal rykka ut og leia operasjonen.

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477