Politikarlønner
I juni vedtok eit samla kommunestyre i Fjell å kutte politikarlønner til fire topp-politikarar når perioden var over. Vedtaket vart ståande vel tre månader.
Endret 11.10.11 08:10
Då Frp, Høgre og KrF tok over leiinga av Fjell kommune i 2007, var dei samde om at det var fleire enn ordføraren i den politiske leiinga som skulle lønnast over kommunebudsjettet. I tillegg til varaordførar, som fekk 75 prosent av ordførargodtgjersle, skulle også dei tre komiteleiarane ha frikjøp i staden for årleg godtgjersle. Med klart fleirtal i kommunestyret var det ingen problem å få eit slikt framlegg vedteke.
Men etter at Fjell-rådmannen svinga pisken over kutt-vegrande politikarar like før sommarferien, vart ei omfattande liste av nedskjeringar vedteke. Blant postane som vart borte, var frikjøpet av fire politikarar.
Fjell er blitt ein stor og komplisert kommune å ta vare på. Dei folkevalde må leggje ned timesvis med arbeid for stette oppgåva dei er sett til. Særleg er børa tung for dei som er komiteleiarar. Det er ikkje urimeleg å unne dei å få gjort ein del av arbeidet i vanleg arbeidstid. Vi forstår også at det er nyttig for komiteleiarane å vere på jobb samstundes, slik at dei får tid til nødvendige samtalar og drøftingar.
Men det er også rimeleg at når alle andre sektorar i kommunen må skjere til beinet, så må for skams skuld også poltikarane vere med å spare.
Etter at valet var i hamn og Høgre, Frp og KrF nok ein gong sikra fleirtalet, kom dei likevel på andre tankar. Noko av det første som vart gjort, var å gjeninnføre frikjøp av varaordførar og komiteleiarar. Rimelegvis vart ikkje dette møtt med særleg glede frå opposisjonen. Sterke ord som frekt og skammeleg vart henta fram.
Det er ikkje til å kome frå at dette var ei underleg kuvendig frå posisjonen. Rett nok krev tronge tider mykje av politikarar i leiarposisjonar. Det er dei som må ta imot innbyggjarane sitt sinne og frustrasjon over dårlege eller manglande tenester. Men å godta kutt i politikarløner før valet og så slå retrett når dei hamnar i posisjon igjen, er ikkje tillitvekkjande. Den økonomiske situasjonen er ikkje blitt betre gjennom sommaren. Heller tvert om.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



