Politikarhets
Regionen sin einaste stortingsrepresentant, Dag Ole Teigen (Ap) har sett seg lei på alle dei som sjølv ikkje engasjerer seg, men som kritiserer folkevalde for å gjera dårleg arbeid og venta på full opptening av pensjon. Teigen sin frustrasjon over dette er lett å forstå.
Endret 17.11.11 08:11
At folk er misnøgde med politikarar, er på ingen måte noko nytt fenomen. Og det er lov å vera misnøgd når ting ikkje blir gjort noko med trass lovnader over mange år. Politikarar må finna seg i å stå lageleg til for hugg – både fordi dei styrer på vegner av folket, og fordi dei lovar mykje og sjølv kritiserer andre politikarar i harde ordelag. Men det offentlege ordskiftet har tatt ei vending dei siste åra. Med internett har kritikken blitt mykje meir framtredande og hyppigare, samstundes som den blir mindre sakleg og ber preg av rein hetsing.
Det er tre arenaer som dominerer innan politikarhetsen: Facebook, bloggar og i lesarkommentar-felta på nettavisene. Det er ikkje uvanleg at politikarar blir kalla landsforrædarar eller andre uting i kommentarar på Facebook. I diverse bloggar blir politikarar hetsa på det grovaste, og på nettavisene florerer det av folk som i lesarkommentarar legg ut om korleis framtredande politikarar berre er ute etter å berika seg sjølve og gjer sitt beste for å øydeleggja landet. Kort sagt blir politikarane tillagt heilt absurde og rett ut ondskapsfulle motiv.
Det fascinerande er at lesarkommentarane i avisene ofte ber preg av ei kunnskapsløyse som tydar på at dei som skriv der faktisk ikkje les aviser. Heilt grunnleggjande kunnskap og elementære evner til å sjå samanhengar manglar ofte blant dei hyppigaste bidragsytarane. Dette er ein ukultur, og før folk slenger ut politikarhets på nett, bør dei stoppa opp og spørra seg følgjande: Bidreg eg med dette på ein konstruktiv måte i samfunnsdebatten?
Verden er full av folk som kritiserer på brutale måtar, utan å gjera ein innsats sjølv. Politikarar fortener rett nok eit kritisk søkjelys, men dei aller fleste av dei har gått inn i politikken med eit reellt ønskje om å bidra til å gjera verden til ein litt betre stad. Som takk for innsatsen blir dei altså hetsa på det grovaste.
Dag Ole Teigen har av ulike årsaker bestemt seg for å ikkje ta attval til Stortinget. Dermed mister Sotra og Øygarden sin einaste lokale stortingsrepresentant. Det beste ein kan gjera for å sikra at nokon tek opp tråden etter Teigen, er å ikkje mobba folk vekk frå politisk engasjement.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



