Vestnytt / Leiar / Politikarar på nett

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Politikarar på nett

I Sund er dei framleis på plannivået, men i Fjell har politikarane fått sine iPadar, og i Øygarden ligg dei klare og ventar på å bli tekne i bruk. Den nye teknologien har for alvor gjort sitt inntog i det politiske dagleglivet.

Publisert 25.10.11 09:10
Endret 25.10.11 09:10

Som venta var det protestar då planen om å gå over til papirlaust kommunestyre vart lansert i Fjell. Men torsdag kunne det nye kommunestyret samlast rundt nye, blanke iPadar som låg klare og venta på dei. I staden for bunke på bunke med papir, kan dei folkevalde no ta med seg all den informasjonen dei treng i eit lett og lite brett. Og når fire år er omme, er ikkje kontoret heime fullt av gamle sakspapir. Der er det framleis berre eit lite nettbrett som inneheld alt som har vore gjort i løpet av fire år. Tilsette ved rådhuset slepp sette av dagar til kjedeleg kopiering. Og postmannen slepp slepe rundt på tunge dokument.

Også i Øygarden er det planen å gå over til ein politikarkvardag utan papir. iPadane ligg og ventar, det er berre opplæring som står for tur.

Sundsokningane har vore i Austevoll for å sjekke ut deira bruk av pcar. Austevollingane let vel over den nye papirlause kvardagen, både praktisk og økonomisk. Dei hadde ikkje skaffa seg iPad, men pcen med vendbar skjerm gjorde nytta. Men dei oppglødde sundpolitikarane hadde likevel ikkje tru på at dette blir aktuelt for Sund på ei stund. Truleg vil det nok også der tvinge seg fram om ikkje så lenge.

Det er så langt vi kan sjå, berre fordeler med overgang til papirlaust styre. Dette verktyet er dessutan nesten bombesikkert. Når nødvendige dokument er nedlasta, er det vanskeleg å tenke seg noko som kunne skape problem. Det einaste måtte vere at dei folkevalde let seg freiste til å forsvinne ut på nettet i staden for å konsentrere seg om kjedelege og langtekkelege debattar.

 

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477