Vestnytt / Leiar / Oppvask-konferansen

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Oppvask-konferansen

Sotrakonferansen 2010 skulle handle om samspel mellom by og land. Ikkje uventa vart det ein oppvask om Sotrasambandet.

Publisert 07.09.10 10:09
Endret 07.09.10 10:09

Framdrifta for Sotrasambandet står i stampe etter vedtaket i Bergen bystyre om at planområdet skulle utvidast til Liavatnet. Det har skapt mykje frustrasjon vest om Sotrabrua, og mange nytta høvet til å ta den ut då sentrale politikarar frå Bergen endeleg kom til Sotra sist veke. Byråd Øistein Christoffersen (Frp) forklarte problema rundt Sotrasambandet med at «alle partane var ikkje på banen då dei skulle ha vore der. Bergen var ikkje synkron med Sotra». Men byfolka ville ikkje ta på seg skulda helt åleine, dei meiner at øyfolket må ta sjølvkritikk for manglande informasjon og kontakt med byen.

Av og til kan det vere klokt å reinse lufta, men ingen kjem vidare ved å bruke kreftene på skuldfordeling. Bystyreleiar Monica Mæland tok seg tid til ein snarvisitt til Straume for å fortelje at frå no av skal samarbeidet mellom Bergen og dei kringliggjande kommunane betrast. Det skal nyskapinga Bergensalliansen sørge for. Dette er ein arena der topp-politikarane skal møtast, og Mæland slo fast at dette skal bli den viktigaste møteplassen for politisk leiing i regionen.

Ei anna nyskaping i år er Regionrådet Vest, som består av Fjell, Sund, Øygarden og Askøy. Den oppstod mellom anna fordi øyane i vest har mange felles utfordringar og eit behov for å samle kreftene og vise styrke overfor bykommunen. Høgt på agendaen til Regionrådet Vest står Sotrasambandet. Det skulle dermed ikkje mangle på møteplassar og høve til å drøfte moglege løysingar.

Som så ofte før vart Stavanger-regionen brukt som døme på godt samarbeid og fruktene som kan haustast ved at by og land står saman. Vi kan håpe på at Sotrasambandet blir saka som gjer at samarbeidsklimaet blir betre i vår region. For som stortingsrepresentant Per Rune Henriksen sa: Det som er bra for Bergen, er bra for kommunane rundt. Og det som er bra for kommunane rundt, er bra for Bergen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477