Næringsutvikling
Fjell seier dei har ikkje råd, Sund vil heller satse på eigne krefter, Øygarden vil redusere løyvinga når dei to andre gjer det. Og Askøy vil ikkje vere med likevel. Det kan bli eit magert år for Gode Sirklar.
Endret 03.01.12 11:01
Næringsutvikling er vanskeleg, det er vanskeleg å få til, og det er vanskeleg å måle det ein eventuelt har fått til. Regionen har prøvd seg med ulike løysingar, både felles og kvar for seg. Før danninga av Aktivest tidleg på 90-talet streva dei tre kommunane kvar på sin front, og kom fram til at det beste var å gjere noko felles. Men Aktivest vart ikkje det ein håpa på, løyvingane forsvann gradvis, og det felles tiltakskontoret vart etter kvart nedlagt. Kommunane starta på ny frisk kvar for seg, men fann etter kort tid at det nok var betre å satse felles likevel. Så kom Gode Sirklar. Etter kort tid begynte dei folkevalde å etterspørje konkrete resultat. Det vart sett i gang eit evalueringsprosjekt som gav gode karakterar til Gode Sirklar. Likevel valde Fjell å redusere løyvinga til selskapet. Sund har lenge hevda at dei har fått for lite att for pengane dei har investert, og meiner at det blir betre resultat om dei styrer næringsutviklinga sjølv.
Også i Øygarden er det røyster som meiner at dei bør satse på eigne krefter når det gjeld næringsutvikling. Dette er ei av Høgre sine hjartesaker, og Ap har ikkje hatt noko å innvende. Når dei to andre kommunane vel å redusere løyvingane til Gode Sirklar, er det forsåvidt ikkje noko poeng for Øygarden å halde fram med uavkorta løyvingar.
I tida etter Regionrådet Vest vart etablert, var det mange store vyer for korleis Fjell, Sund, Øygarden og Askøy kunne utvikle seg til ein sterk region med ei klar eiga røyst som kunne utvikle næringslivet i regionen saman. Askøy var inne på tanken om å vere med i Gode Sirklar. Men det vart berre med tanken.
Dermed går kommunane i regionen inn i eit krevande år med svevande tankar om næringsutvikling innanfor eigne grenser. Innbyggjarane ser på regionen som ein arbeidsmarknad, og næringslivet er heller ikkje så opptatt av kommunegrenser.
Det er vanskeleg for kvar enkelt kommune å få til vellukka tiltak for næringsutvikling, og erfaringsmessig blir slikt ofte ein salderingspost. Det er difor grunn til å håpa på at kommunane ikkje gløymer tanken om felles satsing på næringsutvikling, enten det skjer i regi av Gode Sirklar eller andre.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



