Vestnytt / Leiar / Motstand mot vindmølle

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Motstand mot vindmølle

Øygarden får sjansen til å vere med å utvikle eit viktig pionerprosjekt innan fornybar energi. Dette likar ikkje Frp-folk i kommunen.

Publisert 25.02.10 14:02
Endret 25.02.10 14:02

I forrige veke vart det klart at Enova, det statlege organet som er etablert for å fremje ei miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon i Norge, har tildelt Sway 137 millionar kroner. Pengane skal brukast til å bygge prototypen av ein ny vindkraftturbin to-tre gongar større enn dei som no er i kommersiell drift.  Planen er at dette er vindmøller som skal plasserast ute på havet.

At dette forsøksprosjektet er tenkt lagt til Øygarden, har vore kjent lenge. Saka har følgd vanleg politisk saksgang med avsluttande handsaming i kommunestyret. Debatten har ikkje vore udelt positiv. Det har vore reist bekymring for støy og andre ulemper ved å ha ei slik svær vindmølle i nærmiljøet. Likevel ønskte eit fleirtal i kommunestyret prosjektet velkome til Øygarden. Sju representantar stemte i mot.

Ei stund etter at vedtaket var klubba gjennom, vart det oppretta ei facebook-gruppe mot testturbinen. Med om lag 250 medlemmer kan ein ikkje akkurat seie at det er ein storm av protestar mot prosjektet i Øygarden. Men sjølv om han innser at han er seint ute, stiller William Oen seg i spissen for å ta oppatt kampen mot vindmølla.

Trass den svimlande summen på 137 millionar kroner frå Enova trengst det meir pengar for å starte bygginga av testturbinen. Sway håpar på 100-120 millionar kroner frå investorar. Dei treng 400 millionar kroner for å setje i gang med prosjektet.

Så det kan framleis ein liten sjansen for at William Oen og støttespelarane hans får viljen sin. I såfall går Øygarden og alle kommunane i regionen glipp av eit framtidsretta prosjekt som kan gi gode ringverknader for næringslivet. Ein kan like det eller ikkje, men alt tyder på at vindmøller blir ein viktig brikke i utviklinga av framtidig energiproduksjon.

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477