Måsehat
Vi må vel vedgå det sørgelege faktum at måsar ikkje ein særleg oppskatta dyreart. Det gjeld ikkje berre på våre øyar, men langs heile kysten. Å rasere måsereir har ikkje blitt sett på som nokon ugjerning, tvertimot. Det har vore vurdert på linje med å luke ugras ut av hagen.
Endret 03.06.10 10:06
For nokre år sidan vart det kjent at det ved CCB på Ågotnes forgjekk systematisk krig mot måsane. Sjøfuglane representerte ein fare for rusk i maskineriet og måtte bort. Det vart naturleg nok rabalder då dette vart kjent, og det skal ha blitt sett ein stoppar for praksisen.
I avisa tysdag hadde vi ein trist reportasje om rasering av ein fuglekoloni på Toft i Øygarden. Denne ligg tett ved eit bustadfelt, og det er tydelegvis ikkje alle som set pris på naboskapet. Dei tok saka i eigne hender og gjekk laus på reir, egg og fugleungar. Ei handling som faktisk er ulovleg.
Å hate måsar blir sett på som «heilt alright», ikkje minst etter Odd Børretzens populære song «Jeg hater måker». Men det er på høg tid å begynne å tenke annleis om måsar og andre sjøfuglar. Det blir færre og færre av dei, og dei treng at vi vernar om reirområde og livsmiljø. Ikkje berre for å vere snill med måsane, men like mykje for vår eiga skuld.
Sjøfuglbestanden har blitt kraftig redusert dei siste 15 åra, og det er dramatisk. Ein ting er at måsar og andre sjøfuglar er ein viktig del av kystnaturen og miljøet. Måseskrik er eit like viktig element i lydbilde frå kysten som bølgeskvulp og båtmotorar. Men det er kanskje endå viktigare at dei fortel oss om kva som skjer i havet. Viss sjøfuglane ikkje trivest over tid, er det eit signal om at havet har endra seg.
Episoden på Toft er truleg ikkje eineståande, og det er viktig at folk melder frå når dei opplever slikt. Rasering av måsereir er miljøkriminalitet og skal meldast til politiet.
Fleire flyktningar til Øygarden
Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.
Finværet skapte bilkaos
Det var mange som ville på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.
Sølv til Takvam & co
Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.
Guttene i røyken
Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.
Siste kortnytt
- Ulukke i Øygarden [03.02.12 11:02]
- Sjokoladetyvar på Møvik [31.01.12 07:01]
- Menn mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Fire fanga av laserkontroll [30.01.12 14:01]
- Kvinne mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Brann på Brattholmen [28.01.12 18:01]
- AGR med i brasiliansk oljeeventyr [26.01.12 10:01]
- Harald Nordstrand ber om fritak [24.01.12 09:01]
- Påkøyrt bakfrå [24.01.12 08:01]
- Kjørte i lyktestolpe [21.01.12 10:01]
- Ja til Ebbesvik-program [19.01.12 10:01]
- Nei til oreigning på Haganes [19.01.12 10:01]
- Reiarlag skiftar namn [17.01.12 09:01]
- Tatt av hund etter utforkøyring [17.01.12 08:01]
- Plastkonstruksjon i drift [14.01.12 10:01]
- Høyringsfrist for trafikkplan [12.01.12 08:01]
- Utspekulert tjuveri [12.01.12 08:01]
- På tre hjul i tunnelen [09.01.12 16:01]
- Alex heidra på Idrettsgallaen [08.01.12 10:01]
- Ny vinterfestival [05.01.12 09:01]
Mest lest
- Guttene i røyken [27.01.12 14:01]
- Planlegg kjempefelt på Kolltveit [17.01.12 09:01]
- Ny ferje på plass i februar [05.01.12 09:01]
- Nye treningsaktørar på Straume [15.01.12 14:01]
- – Rådmannen vart ikkje pressa [17.01.12 12:01]
- Finværet skapte bilkaos [31.01.12 10:01]
- Krasj i kryss på Straume [10.01.12 17:01]
- Jacobsen er klar til kamp [05.01.12 09:01]
- Butikken opnar kanskje om tre veker [24.01.12 08:01]
- Sotra Kystby opp til debatt [19.01.12 10:01]
- På jakt etter nytt kjøkken [13.01.12 08:01]
- Front mot front på Tellnes [21.01.12 14:01]
- Rådmannen i Sund går av [17.01.12 10:01]
- Langt større enn Klostergarasjen [03.01.12 10:01]
- Ansiktsløftning for 1,8 millioner [24.01.12 09:01]
- Snarleg start for miljønyskaping [14.01.12 10:01]
- Perlemorskyer over Sotra [13.01.12 10:01]
- Forsterket foran vårsesongen [06.01.12 15:01]
- Rekordmange påmeldte til kulturmønstring [26.01.12 10:01]
- Damefotball i Sund igjen [26.01.12 09:01]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Vil vedta mindre helikopterstøy [23.03.06 07:03]





