Lågkarbotid
Det er vel no ingen i dette landet som ikkje veit kva lågkarbo-diett er. Vi blir tytt øyrene fulle, og vi må vedgå at også lunsjane i Vestnytt har vore prega av dette temaet.
Endret 18.10.11 10:10
Utgangspunktet er at vi alle ønskjer oss best mogleg helse, og skal vi ha god helse, er det viktig at vekta er der den skal vere. Eit sunt liv, med ein sunn lekam i ei sunn sjel, er også eit ønskemål sett i frå staten si side. Skal velferdsstaten fungere, må vi alle yte mest mogleg så lenge som mogleg.
Gjennom tidene har det alltid foregått helsedebattar. Dei seinare tiåra har utgangspunktet gjerne vore vekta. Vi vil unngå å bli like overvektige og usunne som amerikanarane. Men dessverre verkar det som utviklinga likevel ubønnhøyrleg går i den retning.
Ekspertane har gitt oss ulike svar på kva som er sunt. For nokre år sidan var det om å gjere å ete minst mogleg feitt, og feittfrie eller feittfattige produkt dukka opp i butikkane. Frukt, grovt brød og rotgrønsaker var ja-mat.
No meiner mange ekspertar at svaret er det motsette. Feitt er bra, til og med animalsk feitt. Frukt, allslags korn og alt som veks under jorda, er blitt nei-mat. I staden skal vi ete oss mette på kjøt, egg, mjølkeprodukt og grønsaker som veks over jorda. Eit kosthald som vil koste mykje, både for den enkelte og for miljøet. Det tek som kjent mange kilo korn for å produsere eit kilo kjøt. For ei tid sidan vart det presentert som eit skrekkscenario for miljøet om alle kineserar skulle begynne å ete like mykje storfekjø som oss i vesten. Aftenposten sin matmann Yngve Ekren konkluderte i ein nettartikkel slik: «Dietten som gjør oss rike litt tynnere, tyner miljøet og gjør det lite fett for verdens sultende».
Ekspertane greier ikkje å bli samde om kva som er sunnast, dei slår kvarandre i hovudet med statistikkar, og debatten går. Vi som sit rundt lunsjbordet i Vestnytt brukar å konkludere med at det er viktig å bli mett, men ikkje overmett, og at truleg er eit variert kosthald det beste.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



