Vestnytt / Leiar / Kunsten å oppdra barn

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Kunsten å oppdra barn

I dagens Vestnytt har vi ein artikkel om ei gammal dame som må stå på bussen frå Sund til Straume. Bussen er full av ungdommar, men ingen finn det nødvendig å tilby henne deira plass. For ein generasjon sidan ville dette vore ein utenkeleg situasjon.

Publisert 17.06.10 10:06
Endret 17.06.10 10:06

Det er ikkje lett å oppdra barn til å bli «gagns menneske» som det stod i mønsterplanen for skulen for mange planar sidan. Ei undersøking VG står bak, viser at 72 prosent av av norske foreldre gjerne vil ha kurs i å oppdra barn. Det er mykje som tyder på at det trengst.

Reglar for barneoppdragelse har gått i motebølgjer det siste 100-året. Frå strenge krav til oppførsel og ris på rumpa viss barnet ikkje lydde, til heilt frie tøylar, ingen reglar og ingen straff. Ein plass mellom desse motpolane finst den perfekte barneoppdragelsen, men ekspertane har store problem med å bli samde om kor lista bør ligge. Det er ikkje rart om foreldre blir forvirra.

Stort sett vil vi jo vere snille med barna våre. Og til betre råd vi har, til snillare kan vi vere. Men ikkje uventa viser det seg at barn treng rettleiing, ikkje berre kos. Foreldra overlet til barnehage og skule å stå for oppdragelse og grensesetting. Men dei held på retten til å gi skarpe meldingar til lærarar og andre vaksne dersom dei meiner at gullungane deira blir urettferdig behandla. Resultatet er at vi får ein generasjon med ulukkelege barn som får store problem når dei veks til og får andre å bryne seg på.  Barn som manglar medkjensle og berre tar omsyn til eigne behov. 

Det er ein sjølvsagd ting at folk som skaffar seg ein kvalp, går på kvalpekurs. Både seljar og dyrlege oppfordrar hundeeigarar om å melde seg på kurs. Men for nyslåtte og til dels hjelpelause foreldre finst det ingen kurs som tar for seg det mest grunnleggjande når det gjeld omsorg for barn. Dei får babyen i armkroken og blir skyssa ut av fødestova etter eit døgn, og så får dei klare seg som best dei kan.

Det trengst meir enn eit foreldrepar til å oppdra eit barn. Tilbod om kurs og medfølgjande nettverk kan vere til stor hjelp.  

 

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477