Vestnytt / Leiar / Konstruktive tunneltankar

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Konstruktive tunneltankar

Ytrebygda bydelsstyre går inn for løysinga med kort tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad for det planlagte fastlandssambandet for Lerøy og Bjelkarøy. Det viktigaste med dette er ikkje kva alternativ dei vil ha, men at politikarar på bergenssida faktisk går inn for eit fastlandssamband.

Publisert 25.05.10 09:05
Endret 25.05.10 09:05

Sund kommune har i mange år jobba for at Lerøy og Bjelkarøy skal få vegsamband til Bergen sør. Men dei siste månadane har planane tatt viktige steg framover. Det har ført til panikktilstandar blant enkelte i dei berørte områda på bergenssida. For nokre veker sidan var det folkemøte på Hjellestad om fastlandssambandet. Og der var stemninga mildt sagt oppheita, med harde og dels spottande utfall mot både vegplanane og dei som bur på øyane.

No har altså Ytrebygda bydelsstyre hatt saka oppe til handsaming. Og der var stemninga langt meir konstruktiv og forsonande enn på folkemøtet på Hjellestad. Stig Hammersland (Ap) i bygdelsstyret seier rett ut at han ikkje trur steminga på folkemøtet representerer den gjengse haldninga blant innbyggjarane på Hjellestad. Og eit fleirtal i Ytrebygda bydelsstyre går altså inn for alternativet med kort tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad.

I kva grad deira val av alternativ kjem til å ha særleg å seia, står att å sjå. Men det viktigaste er at dei går inn for eit alternativ, istadenfor å prøva å nytta høvet til å stikka kjeppar i hjula for fastlandssambandet. Dermed går prosessen framleis trygt framover, og ein kan gleda seg over at bydelsstyret klarar å sjå betydeleg lenger enn si eiga nase. Men det vil uansett gå mange år før folka på Bjelkarøy og Lerøy kan køyra strake veien til fastlandet.

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477