Gladmelding for Øygarden
Sture-terminalen har levd i uvissa sidan i vår. Fredag vart det klart at terminalen skal halde fram som i dag, i alle fall ei tid framover.
Endret 29.11.11 15:11
Aktiviteten ved Sture har gått nedover frå ein topp på 800.000 fat olje til nivået i dag som ligg på 350.000 fat. Det var difor ikkje heilt uventa då Statoil i vår kom med meldinga om at det var sett ned ei prosjektgruppe som skulle vurdere nedlegging av Sture. Fredag kunne både dei 200 tilsette og Øygarden kommune pusta letta ut, då kom gladmeldinga om at planane er skrinlagt.
Førebels har det berre kome lovnad om uendra drift i ein periode framover. Men ei utsetting er uansett eit godt teikn. Det betyr at Sture framleis er med i biletet når ilandføring av gigantiske oljefunn på Aldous- og Avaldsnes-felta skal planleggjast. I så fall er det snakk om mange års forlenga levetid for Sture.
For Øygarden betyr dette gode inntekter. Men politikarane har likevel blitt nøydde til å tenkje seg om før dei brukar alt på eigen kommune. Rådmann Torgeir Sæter har mana dei til å vere flinkare å dele på oljeinntektene. I budsjettet for 2012 la han inn ein post på 6 millionar kroner som skulle brukast til regional utvikling. Denne skulle aukast gjennom dei fire åra i perioden til 12 millionar kroner i 2015. Forslaget er teke vel i mot blant politikarane, men ikkje for neste år. Dei 6 millionane forsvann ut då budsjettet var behandla i formannskapet.
Dei fleste av oss er slik at når inntekta aukar, så aukar også forbruket, utan at vi eigentleg kan peike på kva vi har fått att for det. Dette er også ei erkjenning Øygarden har kome fram til. Det blir brukt for mykje pengar på drifta utan at ein kan vise til vesentleg betre tenester enn nabokommunane. Målet om å byggje opp eit fond til regional utvikling er ein god tanke. Dei fire kommunane i Regionrådet Vest har mange felles utfordringar og etterkvart eit omfattande interkommunalt samarbeid. Det som gagnar regionen vil også vere til nytte for dei enkelte kommunane. Øygarden vil tene på å vere gavmild og raus.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



