Vestnytt / Leiar / Gapar høgt og fort

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Gapar høgt og fort

Ei årleg strømrekning på 250.000 kroner skapar økonomisk krøll på Fjell festning. Det er uklart kven som skal betala straumrekninga, samstundes som straumforbruket på festningen etter alt å døma kjem til å auka i åra framover.

Publisert 20.05.10 10:05
Endret 20.05.10 10:05

Det er mange partar involvert i det imponerande festningsanlegget: Fjell kommune, Museum Vest og Stiftinga Fjell festning. Diskusjonen om kven som skal betala straumrekninga, tyder på at kommunikasjonen mellom desse tre partane kunne ha vore betre då grunnlaget for festningen som museum vart lagt. Men straumrekninga er uansett berre ein liten del av det som kan bli eit stort problem: Fjell kommune sine utgifter knytt til Fjell festning og kringliggjande anlegg.

Det finst planar for å vidareutvikla Fjell festning. Og med tanke på den enorme storleiken på det verdifulle krigsminnet, er det knapt grenser for kva planar og vyer ein kan ha. Men det kostar. Og sjølv om ein ønskjer statlege pengar, er det mykje som tyder på at Fjell kommune må ta ein stor del av utviklingskostnadane sjølve. Det blir fort dyrt.

Og samstundes har kommunen planar om eit hestevognmuseum ved festningen. Vognene har dei rett nok fått i gåve, men å få eit slikt museum på plass og driva det, er alt anna enn gratis. Det kan virka som om Fjell kommune gapar for høgt og for fort når det gjeld festningsområdet, utan å skjøna kva vyene vil innebera av kostnader.

Samstundes med vyene her, er situasjonen knytt til Galleri Haganes og Langøy Kystkultursenter uavklart. Fjell kommune må få på plass ein heilheitleg og klar strategi rundt desse kulturtilboda, og det må prioriterast klart kva ein skal bruka pengar på. Dette blir mellom anna ein jobb for den ferske kultursjefen Lennart Fjell. Gapet mellom vyer og løyvingar tyder på at kultursjefstillinga i Fjell ikkje kom ein dag for tidleg.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477