Vestnytt / Leiar / Fritidstilbod

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Fritidstilbod

For å sikra eit godt oppvekstmiljø, er det viktig med gode og varierte fritidstilbod. Det aukar trivselen og det sosiale nettverket til born og unge.

Publisert 23.10.08 09:10
Endret 23.10.08 09:10

Mange fritidsaktivitetar gjev også mosjon og sikrar ei god fysisk utvikling. Men mange stader skortar det på tilboda. Fotball dominerer stort og er ein positiv aktivitet i seg sjølv. Men det er mange som ikkje finn seg til rette med fotball og som ønskjer seg andre aktivitetar. Og det er det ofte mangel på utanfor dei store byane.

I dette perspektivet er det svært gledeleg at Halvard Måge og medhjelparar har fått på plass eit imponerande dansehus på Torsvik i Øygarden. Så langt har dansehuset vore ein storsuksess, med over 400 øygardingar og nokre fjellsokningar som dansar breakdans, salsa, swing, linedance og diskofunk.
Over nyttar vert tilbodet utvida frå 15 til 27 danseklassar.

Dansehuset er eit framifrå døme på at det finst både interesse og etterspurnad etter andre tilbod enn dei tradisjonelle, store idrettane. Og det er også eit bevis for at dei som ikkje likar fotball, ikkje er allergiske mot fysisk aktivitet. Tradisjonelt har gjerne politikarar tenkt at dei som ikkje spelar fotball, treng ungdomsklubbar. Men heller ikkje alle finn seg til rette i ungdomsklubbar, og dei siste åra har ein dessutan opplevd at mange ungdomsklubbar vert nedlagt av sparelystne politikarar. At det private initiativet til dansehus i Øygarden har lukkast, viser at utradisjonelle og nye tilbod kan verta ein fulltreffar. Dersom dansehuset klarar å halde oppe interessa, vil det vera ein vesentleg trivselsfaktor i den nordre delen av regionen vår.

Fritidstilbod handlar ikkje berre om born og unge. Skal ein kommune eller ein region kjennast god og spanande å bu i, må også vaksne kunna henta nye impulsar der. Dansehuset i Øygarden gjev også tilbod til vaksne, og er med på å gjera Sotra og Øygarden til ein region som ikkje er avhengig av å støtta seg på fritidstilboda i Bergen.
Dersom områda vest for Sotrabrua skal halda fram å veksa som ein sjølvstendig region, må ein satsa på fritidstilbod og kultur. Difor er det også grunn til å helsa planane om stor kino på Straume hjarteleg velkomen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477