Forsøpling og gjenbruk
I fleire veker har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. Det gjer at Bir vurerer å fjerna heile returpunktet. I så fall vil syndene til nokre få gå ut over mange andre.
Endret 31.01.12 10:01
Returpunktet ved Sund senter skal nyttast til glas, metall, papir og plast. Tilbodet gjer det lettare for folk å kvitta seg med denne typen avfall på ein forsvarleg måte. Diverre er det altså ein del som misbruker tilbodet, og nyttar det til å kvitta seg med all slags skrot. Bir har mellom anna funne datautstyr og sekkar med restavfall. Det burde vera barnelærdom at restavfall nettopp er restavfall, og ikkje skal kastast i ein returstasjon der heile poenget er at ting er sortert for å letta avfallshandtering og gjenbruk. Datautstyr og anna elektrisk avfall kan leverast til alle butikkar som sel slikt, og i tillegg til gjenbruksstasjonar. Det skulle såleis absolutt ikkje vera nokon grunn til å forsøpla returpunkt som det i Skogsskiftet med denne type avfall.
Bir viser til at dei brukar store ressursar på å rydda opp på returpunkta, og at dette er med på å auka renovasjonsavgifta. Dermed får forsøplinga konsekvensar for alle brukarane: Enten blir returpunktet ved Sund senter stengt, eller så må ein betala meir i renovasjonavgift.
Statistikk viser at me her i landet er svært flinke på både innlevering og gjenvinning av mellom anna elektrisk avfall, og med gjenbruksstasjonar og returpunkt har me gode tilbod også for andre typar skrot og bos. Diverre er det alltid nokon som ikkje bryr seg med å gjera ting på rett måte, og difor forsøplar returpunkta. Deira slurv går i neste omgang ut over alle dei som er lovlydige og pliktoppfyllande. Det er difor all grunn til å oppmoda desse om å skjerpa seg.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



