Farleg fyrverkeri
Nyttårsfeiringa ved overgangen frå 2007 til 2008 var den siste der det var lov med rakettar. Sidan den gong har skadene som følgje av fyrverkeri gått dramatisk ned. Men diverre er ein enno ikkje i mål. Spørsmålet er om det er grunn til ytterlegare innskjerping av reglane.
Endret 05.01.12 09:01
Det siste året med rakettar vart det registrert 151 skader i Noreg som følgje av uhell med desse rakettane. Åra etter har det naturleg nok vore ekstremt få skader med rakettar. I same tidsrom har talet på skader forårsaka av andre typar fyrverkeri halde seg stabilt. Resultatet er dermed ein kraftig nedgang i fyrverkeriskadene totalt sett, ifølgje statistikk frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap.
Ein er likevel ikkje kvitt fyrverkeriskader. På Sotra vart ein mann og to barn skadde av fyrverkeri ved inngangen til 2012. Elles i landet var det mange som fekk skader på augene då dei skulle feira med fyrverkeri. Det viser at bakkefyrverkeri ikkje er ufarleg. Og det kan virka som om dei såkalla bakkebatteria blir stadig kraftigare, no når folk ikkje lenger kan kjøpa rakettar. Reglane tillet bakkefyrverkeri med ei sprengkraft som langt overgår mange militære handgranatar. Då seier det seg sjølv at det kan oppstå alvorleg personskade ved uhell.
Men det er viktig å skilja mellom uhell på grunn av feilkonstruert fyrverkeri og uhell som skuldast rein dumskap. Styresmaktene må sikra at dei store bakkebatteria som blir selde i Noreg, er stabile og trygge og ikkje legg til rette for feil bruk. Men ein kan knapt forby bakkebatteri på bakgrunn av at nokre få gjer idiotiske ting med dei. At ikkje mindreårige skal få tilgang til fyrverkeri er sjølvsagt – og at ein bør vera rimeleg edru for å handtera så kraftige saker bør vera like sjølvsagt.
Klarar folk å halda seg i skinnet og bruka sunt folkevett når dei skal feira nyttår, vil talet på uhell og skadar gå ned. Då vil me framleis kunna gleda oss over ei fargesprakande nyttårsfeiring, utan å vera redde for å gå på ein smell.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



