Vestnytt / Leiar / Endeleg Sund sin tur

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Endeleg Sund sin tur

Rådmann Steinar Nesse i Fjell spår ein gullalder for Sund. Kommuneproposisjonen fro 2011 gir god uttelling for kommunen i sør. Endeleg.

Publisert 18.05.10 12:05
Endret 18.05.10 12:05

Sundsokningane har ikkje vore bortskjemde med romslege kommunebudsjett. Kvar einaste budsjetthandsaminga har handla om kvar ein kan kutte for å kome i hamn. Gong etter gong har skulestrukturen vore oppe til vurdering med tanke på å kutte talet på skular. Så langt har alle skulane kome levande frå det, men mange vil hevda ikkje utan skrammer. I staden har det vore vedlikehald og læremiddel som har fått merke høvelen. Alle etatar har vore nøydde til å løfte på kvar ein stein for å finne kostnader som kunne kuttast.

Likevel har Sund greidd å gjere nokre grep som gjer at det er ein god kommune å bu i. Danninga av Sund vatn og avlaup har gitt gode gevinstar både på vasskvalitet og vegnett. Arbeidet med  å få etablert ein vidaregåande skule har gitt mange gode ringverknader, som til dømes ein god og romsleg og lenge etterlengta idrettshall. No framstår Sund som ein attraktiv kommune å busetje seg i, med vakre byggefelt og tomter og hus til overkomelege prisar.

Også Øygarden kjem godt ut av det, og dei nyt i tillegg framleis godt av eigedomskatten. Sjølv om også kommunen i nord har merka at tæring må setjast etter næring, har dei hatt gode år lenge og fått utvikle eit vlutrusta lokalsamfunn.

Fjell kjem ikkje så bra ut av endringa i inntektssystemet denne gongen. Men den største kommunen i regionen har god kontroll og god styring, og slepp dermed kome med ubehagelege overraskingar til innbyggjarane sine. 

Vi må derfor nok ein gong kunna slå fast at det står bra til i regionen vår. Som kystkommunar nær ein storby slepp vi tenke på avfolking og alt som følgjer med det. Den største bekymringa vår er fastlandsamabandet, og slik kjem det nok til å bli i mange år framover.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477