Vestnytt / Leiar / Eit vakrare sentrum i nord

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Eit vakrare sentrum i nord

Det blir ikkje lett å gjere Ågotnes til eit vakkert sentrum. Men det skal ikkje så mykje planlegging til for å gjere det vakrare enn det er i dag.

Publisert 10.03.10 09:03
Endret 10.03.10 09:03

Liegruppen er på hogget når det gjeld heile kommunen, ikkje berre Straume og Bildøyna. Saman med Sotra trelast kom dei sist veke med ein «visjon» for å gjere Ågotnes til eit moderne sentrum i nordre delen av Fjell kommune. Eit torg med miljøgate og bussterminal kan binde saman eit Ågotnes som i dag er delt av riksvegen.

Ågotnes vil i overskodeleg framtid vere prega av det som har gjort denne bygda til eit sentrum, CCB og alle industriarbeidsplassane som er komne i kjølvatnet av kystbasen. Ingen av dei som har bygd her, har hatt estetiske krav høgt på lista. Dei fleste bygga ber preg av at det skulle byggjast kjapt og billig. Få har late seg inspirere av den fantastiske naturen som prega Ågotnes fram til industrieventyret starta. Men den er framleis lett å få auge på dersom ein kjører forbi industriområdet mot Vindenes.

Trass i usjarmerande omgivnader har Ågotnes utvikla seg til ein populær plass å bu. Det er ikkje alltid utsikta som er viktigast når ein vel kor ein skal slå seg ned, og Ågotnes har mykje å by på. I tillegg til nærleik til arbeidsplassar, finst det framleis mykje natur å nyte, og tilgangen til sjø er der framleis. Dessutan er det rimeleg sentralt, både sett i høve til Straume og til Bergen. Her er barnehagar, skule, legesenter og butikkar. Med andre ord det som trengst for at barnefamiliar skal kunne trivast og bygge eit sosialt liv.

I 2007 gjorde Fjell-politikarane vedtak om å starta arbeidet med ein ny plan for senteret i nord. Men for å få til ein heilskapeleg plan er det ei viktig brikke som manglar: Kvar skal hovudvegen gå? Gjennom sentrum eller utanom? Statens vegvesen og politikarane har så langt ikkje landa vegløysinga for Ågotnes-området. Mykje tyder på at det kan ta mange år før det blir realisert ein ny veg nordover mot Øygarden. Det gjer det til ei utfordring å leggja gode planar for eit vakrare sentrum i nord.

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477