Vestnytt / Leiar / Eit smykke til Sund-ordføraren

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Eit smykke til Sund-ordføraren

Planane om å skaffe eit kjede til ordføraren i Sund, vart lagt på is på grunn av dårleg råd. Men no trer næringslivet til.

Publisert 13.10.11 09:10
Endret 13.10.11 09:10

Lenge var alle ordførarane i regionen utan ordførarkjede. Når ordførarar var samla, merkte dei tre seg ut med bringe utan smykke medan andre ordførarar stod rake i ryggen og blenkte. Men under Jan Utkilen (Sl) sin ordførarperiode skaffa Fjell seg eit kjede. No får snart også Ove Trellevik i Sund dette symbolet som viser kven som har høgaste makt og mynde i kommunen. Øygarden sin nybakte ordførar, Otto Harkestad, ser derimot  ikkje behovet. Han meiner det er noko som ikkje stemmer med små kommunar og ordførarkjede.

I vår del av verda er vi ikkje så nøye med kleskodar. Det er ikkje vanleg at vi dressar oss opp når vi skal på jobb. Dei fleste av oss stiller gjerne i dongeri og genser viss vi føler for det. Dei færraste finn det passande å møte på jobb i kvit skjorte og slips, ikkje ein gong sjefane. Unntaket er verksemder som har mykje med utlandet å gjere, då er kleskoden straks viktigare å passe på.

Ordførarane rundt om i landet er nok blant dei som er mest nøye med korleis dei kler når dei er på jobb. Likevel skil dei seg ikkje nemneverdig ut frå kven som helst, verken i kvardag eller fest. Men om ordføraren har eit kjede å henge om halsen i høgtidelege høve, veit alle straks kven han/ho er. Eit ordførarkjede med symbol som er unike for kommunen han eller ho kjem frå, er eit klenodium. Det gir respekt og verdigheit til personen som ber det. Noko som er heilt på sin plass, for det er jo folket som har valt denne personen til å representere seg.

Spørsmålet om ordførarkjede er ikkje noko stor sak. Vi gledar oss likevel saman med Sund-ordføraren for at han også no snart kan stå og skine saman med andre ordførarar når høvet tilseier det.

 

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477