Vestnytt / Leiar / Eit pressa barnevern

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Eit pressa barnevern

  Det triste er at tidleg hjelp som nyttar, ikkje viser att i statistikken. Det gjer derimot dei sakene der barnevernet har svikta

Publisert 10.08.10 10:08
Endret 10.08.10 10:08

Historia om den 15 år gamle jenta som døydde av overdose medan ho var under barnevernets omsorg, har rysta heile landet. På nytt har politikarane blitt tvinga til å forklare kvifor vi ikkje har eit barnevern som fungerer betre. På nytt er det bortforklaringar og etterpåklokskap som dominerer biletet.

Barnevernet også her i vår region opplever ein enorm auke i talet på bekymringsmeldingar. I 2001 fekk barnevernet i Fjell inn 66 meldingar. I fjor var talet kome opp i 330. Første halvår i år er det allereie kome inn 225 meldingar. Det er illevarslande tal. Barnevernsleiar Bård Tyldum meiner at årsaka først og fremst er at barnevernet er blitt meir synleg og meir ufarleggjort. Folk har fått større tillit til at barnevernet vil hjelpe og støtte familiar i vanskar, og dermed er terskelen lågare for å melde i frå.

Men dersom barnevernet ikkje har nok ressursar til å hjelpe når det kjem bekymringsmeldingar, kan tilliten fort bli tynnslitt. Foreldre som tar det drastiske steg å be om hjelp til eit barn med vanskar, må kunne ha forventningar om å få den støtte dei treng.

Tyldum etterlyser ein diskusjon blant kommunepolitikarane om kva slags barnevern dei ønskjer. Den beste hjelpa er den som kjem tidleg. Dersom barnevernet har ressursar til å gå inn når den første bekymringsmeldinga kjem, kan  mange vonde saker unngåast. Men det triste er at tidleg hjelp som nyttar, ikkje viser att i statistikken. Det gjer derimot dei sakene der barnevernet har svikta, gjerne i form av tunge utgiftspostar på budsjetta. Når skaden har skjedd, må det offentlege ta ansvar. Det er lettare å kutte i tiltak som er førebyggande.

Eit afrikansk ordtak seier at det krevst ein heil landsby for å oppdra eit barn. Det kan minne oss om at vi alle har ansvar for at barn får gode oppvekstvilkår. Og vi har alle ansvar for å melde frå dersom vi ser barn som ikkje har det godt.

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477