Vestnytt / Leiar / Eit kraftsenter

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Eit kraftsenter

Denne veka vart det nye distriktspsykiatriske senteret på Straume opna. Med Øyane DPS har regionen fått eit løft når det gjeld tilbodet innan psykisk helse.

Publisert 01.09.11 10:09
Endret 01.09.11 10:09

Anne Lise Tellnes frå Mental Helse kunne slå fast at Øyane DPS er ein draum som er gått i oppfylling. Alle tilbod som ho har drøymt om, finst i dette bygget, som huser eit tilbod til vaksne over 18 år med psykiske lidingar. Her er 20 sengeplasser for kort- og langtidbehandling og poliklinisk behandling både for enkeltindivid og grupper. 80 tilsette vil ha sitt daglege arbeid ved senteret.

For kommunane Sund, Fjell, Øygarden og Askøy er Øyane DPS eit historisk bygg. For første gong har regionen fått eit sjukehus innan eigne grenser. Folk i desse kommunane har alltid vore nøydde til å reise til Bergen når dei har blitt sjuke, uansett kva som plaga dei. I våre dagar med moderne kommunikasjon har dette stort sett vore ukomplisert. Men som vi ser av den intense kampen for å halde på lokalsjukehusa, betyr det mykje å ha gode helsetilbod i sitt eige nærområde.

Når Helse Bergen har valt å plassere Øyane DPS på Straume, er det med den erkjenninga at øyane vest om Bergen er blitt ein folkerik region. Med rundt 60.000 menneske og i stadig vekst har vi like mange innbyggjarar som ein middels norsk by, færre enn Drammen, men fleire enn Sarpsborg. Straume har i den seinare tid fått fleire nye tilbod innan helse. Mellom anna kan no folk som er ferdigbehandla på Haukeland sjukehus, få pleie og stell på den intermediære avdelinga som ligg like ved sjukeheimen. Og midt i mellom sjukeheimen og Øyane DPS ligg det flotte, nye terapibygget som vart opna for nokre år sidan. Dette er viktige helsetilbod, både for psykisk og fysisk helse.  

Ordførar Eli Berland peika på at det nærast har blitt ein vane å helse nye tilbod velkommen i regionen. Om ikkje lenge blir det ein ny fest, men det blir på Askøy der det kjem ei ny avdeling for lindrande behandling.   

Tips en venn




Stenger Stegeviksvatnet

Stenger Stegeviksvatnet

Ny algeoppblomstring gjer at Øygarden kommune no stenger Toftøy vassverk. Frå i dag av kjem drikkevatnet på Toftøy til å koma frå Blomvåg vassverk.

    Ventar med gangbruer og busstopp

    Ventar med gangbruer og busstopp

    Vegen frå Arefjord til Storskaret blir så dyr at han må delast i to byggjetrinn. Gangbruer for kryssing av vegen og busshaldeplassar ser ut til å måtta venta.

      Lars Vaular til Glesnes

      Lars Vaular til Glesnes

      Lars Vaular med band er siste artist som får plass på plakaten til Periferifestivalen i år.

        Avgjorde på overtid

        Avgjorde på overtid

        Nest-Sotra tok sin første hjemmeseier for året da Randaberg ble slått 2-1 lørdag ettermiddag. Et lompemål fra Marius Takvam og en perle fra Tor-Mattis Kåven rett før slutt avgjorde kampen.

          Fjell får sin første kvinnelige prest

          Fjell får sin første kvinnelige prest

          Maria Tveten fra Askøy er ansatt som ny ungdomsprest i Fjell. Hun ble ordinert i Erdal kirke av biskop Halvor Nordhaug 3.mai. Søndag blir det insettelsegudstjeneste i Foldnes kyrkje.

            Askøy enda med motsegn

            Askøy enda med motsegn

            I likskap med Fylkesmannen i Hordaland enda Askøy kommune på motsegn mot eitt av alternativa i Sotrasambandet.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477