Vestnytt / Leiar / Ein tankevekkar

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Ein tankevekkar

Giftskya som sveva over Bergen i forrige veke, var ein tankevekkar for alle.  Vi fekk tydeleg demonstrert at forureininga i byen er bekymringsfull. Vanlegvis bles eller regnar utsleppsgassane bort, men det betyr ikkje at dei forsvinn. Dei drar berre ein annan stad.

Publisert 18.01.10 15:01
Endret 18.01.10 15:01

Her ute på øyane slepp vi heldigvis slikt. Ikkje har vi så store vegkryss som Danmarksplass, og ikkje har vi fjell som sørgjer for at same lufta blir liggande i dagevis når det blir kaldt og klart. Likevel er ikkje forureininga i bykjernen oss uvedkomande. Trafikken går tett begge vegar, og kvar gong vi tar bilen inn til byn, er vi medskuldige i forureininga.

Politikarane i Bergen måtte ty til drastiske tiltak for å få utsleppa ned på eit nivå som ikkje var helsefarleg. At bilkjøringa skulle avgrensast med oddetal- og partalkjøring, synest mange var å ta vel hardt i. Og det var mange som valde å gi blaffen. Til alt hell kom vinden og flytta forureininga ein annan stad, slik at kjøremønsteret kunne gå tilbake det normale. Men nokre få, fredelege dagar vart køane reduserte, til stor glede både for dei som hadde pustevanskar og for dei som var på vegen og kom fort fram.

Det er likevel rimeleg å tru at dette berre er forsmaken på kva som kan kome. Det er for mange bilar på vegane, og noko drastisk må gjerast for å få biltettleiken ned. Forslaget om køprising har blitt henta fram igjen. Det er eit tiltak som truleg gir effekt, og det spørst om det er mogleg å unngå det. Men det krev at eit godt kollektivtilbod er på plass.

I vår region treng vi først og fremst ein plass å parkere. Mange billistar leita fånyttes etter parkeringsplassar før det var klart at Sartor desse kritiske dagne igjen opna sitt anlegg for alle. Den såkalla McDonalds-tomta framfor Sartor er foreslått til parkeringsplass. Det burde vere enkelt å gjere eit hastvedtak og ordne dette så snart som mogleg.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477