Ein arbeidsmarknad
I festlege høve blir det gjerne henta fram som ein fordel at Bergen med omegnskommunar er ein, stor arbeidsmarknad. Men det byr også på utfordringar.
Endret 22.11.11 10:11
Nye tal frå Statistisk Sentralbyrå viser at det er litt over 6000 fjellsokningar som reiser ut av kommunen for å gå på arbeid. Men straumen er også stor den andre vegen. 5000 kjem frå andre kommunar for å arbeide i Fjell.
Fordelen med å bu i ein region med breitt tilbod og stor variasjon av arbeidsplassar er lett å sjå. Det er ein styrke både for den enkelte arbeidstakar, for kommunane og for verksemdene. Kommunane blir ikkje så avhengige av hjørnesteinsverksemder og skiftande konjunkturar. Den enkelte arbeidstaker får større fridom, han/ho kan velje mellom fleire arbeidsgivarar i same bransje, og det kan vere enklare å skifte yrke. Verksemdene får fleire søkjarar å velje mellom når dei skal finne nye arbeidstakarar.
Men ulempen er også tydeleg. Særleg har pendlarar til og frå Sotra fått merke dette i dei seinare åra. Det går fint an å reise frå eine enden i bergensregionen til den andre for å arbeide. Men skal reisetida vere nokonlunde overkomeleg, må trafikken flyte. Og det gjer den som kjent ikkje. Når reisetida per dag strekkjer seg mot tre timar, blir det tungt å få kvardagen til å gå i hop.
Ein annan, og ikkje uviktig, ulempe er forureininga som all denne reisinga fører med seg. Den medfører også eit strekt press på vegnettet. Dersom dei fem tusen som pendlar til Fjell, hadde budd her, ville presset på mellom anna Sotrabrua ikkje blitt så stort.
Men dette er ønsketenkning. Folk likar å vere fleksible og ha fleire val. Verksemder likar å ha eit stort område å rekruttere frå. Samfunn blomstrar og veks når tilbod av varer, tenester og arbeidsplasser er variert. Alle kommunane, store som små, tener på at regionen held fram med å vere ein arbeidsmarknad.
Så sjølv om det kostar, er svaret betre vegar og betre kollektivtilbod. Det er og må vere kommunane si oppgåve å sørge for at trafikken ikkje stoppar opp.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



