Ei pedagogisk utfordring
Dei styrande i Fjell varslar ny runde om skulestrukturen i kommunen. Forrige runde enda med totalt nederlag.
Endret 24.01.12 09:01
Det er ganske nøyaktig to år sidan sist Fjell prøvde å leggje ned skular. Rådmannen foreslo å leggje ned skulane Algrøy, Syltøy og Skålevik for å flytte elevane til Ulveset skule. Komiteleiar Vidar Arnesen (Frp) tok optimistisk på seg ansvaret for å kjøre saka. Vi som såg ferda hans på vegen mot det som skulle gi færre skular, lurte på om han og støttespelarane hans totalt mangla gangsyn. Saka vart kjørt i turbofart utan å gjere rekning med foreldre og nærmiljø som alltid sit med trumfesset på handa i slike saker. Når politikarar spelar nedleggingskortet, trumfar skuleforkjemparane med valkortet. Dette slår sjeldan feil. Det gjorde det heller ikkje denne gongen. Posisjonen slo full retrett, og Vidar Arnesen måtte ta i mot både spott og spe – som om dette var hans påfunn åleine.
Etter at valet no godt og vel er unnagjort, startar prosessen på ny. Politikarane har fått klare signal om at det må sparast. Og skule er som vanleg blant områda som blir utpeika. Denne gongen blir saka lagt opp meir pedagogisk. Ei tverrpolitisk arbeidsgruppe er sett ned. Leiar for gruppa, Kirsten Syljeset (H), lovar ein opnare og meir inkluderande prosess enn sist. Men som nestleiar Sveinung Vethe (Ap) seier, er målet klart: Færre skular i Fjell. Utfordringa blir å få dette til verke som eit gode for elevane, både læringsmessig og miljømessig, og å få foreldre og nærmiljø til å setje elevane først og bygdas beste på andreplass.
Når ein skule blir lagt ned, fører det alltid med seg stort vemod. Elevar må forlate ein skule dei har tilbragt sine første skuleår, foreldra har gjerne gått der sjølv, bygda mister ein viktig samlingsplass. Av og til er det likevel dei einaste rette å gjere, men kamp med skrik og skrål og truslar blir det garantert. Og det må politikarane tåle om dei er overtydde om at nedlegging er det beste, både for elevane og for kommuneøkonomien.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



