Draumen om eit tverrsamband
Ordførarane på Sotra, i Øygarden og på Askøy meiner at eit tverrsamband frå Mongstad til Kollsnes, Sambandet Vest, vil vere til stor nytte for regionen. Men å få eit slikt samband på plass innan 2020 er vel å vere vel optimistisk.
Endret 26.01.12 10:01
Det har vore leika med tanken om eit samband som bind saman olje- og gassanlegga på Kollsnes og Stura i Øygarden og Mongstadanlegget i Nordhordland ei stund. Med forprosjektet som Helge Hopen har utarbeidd, er arbeidet kome eit steg lengre. Det viser at kjøreavstanden mellom Mongstad og Kollsnes blir halvert med eit slikt samband. Men som ein ringveg rundt bykjernen som skal avlaste Bergen, vil den ikkje fungere i særleg grad.
Bortsett frå i dei ytste utkantar er det stort sett slik at der det blir bygd ein veg, kjem det også utvikling. Øyane vest og nord om Bergen er attraktive, både for folk som skal busetje seg og for dei som treng næringsareal. Ein veg over øyane i vest, kan utløyse store areal. Men prioriteringa av nye vegar her til lands blir sjeldan gjort utifrå kva om kan skje. All planlegging tar utgangspunkt i dagens situasjon og dagens behov. Her er det nye Sotrasambandet eit godt eksempel. Politikarar i Fjell var ei stund svært positivt innstilt til eit nytt samband i sør. Dei såg klart og tydeleg den gevinsten det var for heile regionen å få ein ringveg. Men vegvesenet viste til at det er ikkje i sør trafikken går i dag. Den går over Sotrabrua, naturleg nok, sidan det er der det er bru. Gode, framtidige verknader av ei vegløysing i sør var verken vegevesenet eller Samferdselsdepartementet interesserte i å høyre noko om.
Det største problemet Bergen og omland slit med no, er all trafikken som blir pøst inn i bykjernen, trafikk som ikkje har noko i byen å gjere. Vegprosjekt som kan avlaste byen, vil derfor møte velvilje blant politikarane i Bergen. Når det no viser seg at Tverrsambandet Vest berre i liten grad vil avlaste byen, vil truleg interessa hjå vegstyresmaktene vera tilsvarande avmålt. Då kan det fort ende med at prosjektet berre blir ein vakker draum.
Sotrasambandet: – Lytt til Statens vegvesen
Leiar Knut Arild Hareide (KrF) i transportkomiteen på Stortinget meiner det skal gode grunnar til for ikkje å lytta til vegvesenet si tilråding for sambandet.
Sang og dans, bil og brylkrem
«Grease» vert til «Brylkrem» i Øygarden Ungdomsskule si oppsetjing av den amerikanske klassikaren.
Sotrasambandet: Ber om meir press i Oslo
Ranveig Frøiland (Ap) ber ordførar Eli Berland (H) i Fjell fronta sambandet sterkare hjå sentrale styresmakter i dei avgjerande vekene framover.
Sotrajente designet musikkvideo til Fjorden Baby
Miriam Lothe Søraa fra Ågotnes har designet musikkvideoen til sangen «Som på TV» som loddefjordbandet Fjorden Baby har kommet ut med.
Siste kortnytt
- Dundra i autovernet [22.02.12 12:02]
- Kjørte i murvegg på Fjæreide [21.02.12 14:02]
- Vurderer Hernar-avtale [21.02.12 09:02]
- Bil rundt på glatten [19.02.12 19:02]
- Ti forelegg for høg fart [18.02.12 13:02]
- Framleis kritisk for 42-åring [20.02.12 13:02]
- Støvel-teikning i flaskepost [17.02.12 10:02]
- Tre biler krasja på rv555 [16.02.12 09:02]
- Trafikkproblem på glatta [13.02.12 13:02]
- Minnefond etter dødsulukke [10.02.12 16:02]
- Kjørte stjålet bil i rus [10.02.12 16:02]
- Redda etter 40 minutt [05.02.12 17:02]
- 19-åring køyrte utfor vegen [05.02.12 10:02]
- Bil på taket [05.02.12 10:02]
- Ulukke i Øygarden [03.02.12 11:02]
- Sjokoladetyvar på Møvik [31.01.12 07:01]
- Menn mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Fire fanga av laserkontroll [30.01.12 14:01]
- Kvinne mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Brann på Brattholmen [28.01.12 18:01]
Mest lest
- Kvinne (31) døydde [07.02.12 10:02]
- Direkte frå Sotrabrua [13.02.12 13:02]
- Guttene i røyken [27.01.12 14:01]
- To kritisk skadd etter ulukke på Sotra [06.02.12 14:02]
- Framleis kritisk for par frå Øygarden [06.02.12 11:02]
- Finværet skapte bilkaos [31.01.12 10:01]
- Butikken opnar kanskje om tre veker [24.01.12 08:01]
- Sund får Utøya-monument [10.02.12 16:02]
- Fiksar gamlebrua [09.02.12 13:02]
- Lot brennande båt driva [13.02.12 13:02]
- Ansiktsløftning for 1,8 millioner [24.01.12 09:01]
- Planlegg kjempefelt på Kolltveit [17.01.12 09:01]
- Sotrasambandet: – Lytt til Statens vegvesen [21.02.12 09:02]
- Fleire flyktningar til Øygarden [04.02.12 11:02]
- Returpunktet står i fare for å bli fjerna [27.01.12 14:01]
- Damefotball i Sund igjen [26.01.12 09:01]
- Rekordmange påmeldte til kulturmønstring [26.01.12 10:01]
- Front mot front på Tellnes [21.01.12 14:01]
- Sotra Kystby opp til debatt [19.01.12 10:01]
- Snødronningen fra Sotra [09.02.12 13:02]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Vil vedta mindre helikopterstøy [23.03.06 07:03]





