Vestnytt / Leiar / Draumen om bru i sør

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Draumen om bru i sør

Tore Turøy (V) lanserer på nytt eit sotrasamband i sør. Også denne gongen møter han klare haldningar frå vegstyresmaktene: Samband i sør er uaktuelt.

Publisert 11.05.10 08:05
Endret 11.05.10 08:05

Slik saka står no, gir det rom for både den eine og den andre til å drøyme sine eigne draumar om nytt sotrasamband. Framdrifta som var så lovande for berre eit halvt år sidan, har stoppa heilt opp. Medan vi fortvilar over stadige køar og stengte vegar, opplever vi for alvor kor sakte den offentlege mølla kan male. Og kor lite det skal til for å stikke kjeppar i hjula for viktige prosjekt.

Det verkar omtrent umogleg å få til eit vegsamband i nord som alle partar  kan godta. Då kjennest det naturleg å ta opp att tanken om eit samband i sør. Før prosessen starta for alvor, og før kommunevalet i 2007, var det trass alt stor velvilje i dei fleste politiske leirar for eit samband i sør.

Det er trass alt mange gode argument for dette alternativet. Dei har vore lista opp før, men det skader ikkje å ta dei omatt. Først og fremst gir det øyane i regionen ein etterlengta ringveg. Det opnar for attraktivt byggeland i Sund, og dermed ei vitamininnsprøyting for denne delen av Sotra. Det vil tvinge fram betre standard på vegen mellom Fjell  og Sund. Det vil gi avslastning for Litlesotra der det er problematisk å finne fornuftig vegtrase. Det gir heile regionen eit trygt alternativ dersom vegen over Litlesotra vart stengt.

Men vegvesenet slår bombastisk fast at planane er uendra. Det blir eit samband i nord – ein eller annan gong.

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477