Vestnytt / Leiar / Det hjelper å vise seg

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Det hjelper å vise seg

Medan store deler av turist-Norge slit med besøkstala, kan Nautnes fiskevær glede seg over ein fin oppgang i omsetninga.

Publisert 11.08.09 10:08
Endret 11.08.09 10:08

Kultursjef i Øygarden Bernt Hjørnevik og dagleg leiar i Nautnes fiskevær Ove Forstrønen trur det er marknadsføringa som er årsaka til ein omsetningsauke på 25 prosent. I vår gav Øygarden kommune ut eit vakkert magasin der OL-helten Alexander Dale Oen pryda forsida. Han prydar også plakaten som heng i monteren på turistinformasjonen i Bergen. Gjennom ein tre-årig avtale med turistinformasjonen leiger Øygarden ein eigen utstillingsplass.

Satsing på turisme har vore på agendaen i regionen i mange år. Men det har vist seg vanskeleg å få til noko felles for alle tre kommunane vest om Sotrabrua. I Fjell har det mellom anna lenge vore etterlyst ein plass der ein kan henge opp eit kart og informasjon om kommunen. Men ikkje ein gong ein stad å plassere denne turistinformasjonen har ein klart å finne fram til.

Vi som kjenner denne regionen veit kva den har å by på. Det er synd at det skal vere så vanskeleg å få til eit samarbeid som alle tre kommunane kan få nytte av, og som kan vere ei drahjelp for dei som satsar. Men skal ein ha håp om at turistnæringa skal vekse, må folk få vite om kva vi har å by på.

No har Øygarden gått ut på eiga hand, og resultatet viser at det hjelper å vise seg fram. Gina Nævdal ved Bergen turistinformasjon kan fortelje at folk som er interessert i aktiv ferie, blir fanga av den flotte plakaten i monteren. 

Kultursjefen i Øygarden er optimistisk når det gjeld framtida. Bernt Hjørnevik trur dei berre har sett starten og at turisme blir ei viktig inntektskjelde. Dersom det skjer, kan Fjell og Sund ta lærdom av det som skjer i kommunen lengst nord i regionen. 

 

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477