Den store ringvegen
Det faktum at Bergen held på å besvime av forureing har sett fart i tankane til både høg og låg. Alle forstår at tilhøva vi har hatt i vinter, ikkje er noko eingongstilfelle. Dersom ikkje Bergen finn på noko lurt, vil problema auke i åra som kjem.
Endret 16.02.10 10:02
Det betyr at gamle draumar som å bygge tunnel frå Arna til sentrum, må skrinleggjast for alltid. Fleire store tilførselsvegar gjennom sentrum toler byen ikkje. Det er også galskap med tanke på at mykje av trafikken er på gjennomreise og eigentleg ikkje har noko i sentrum å gjere.
Eit veksande kraftsenter som regionen Askøy, Sotra og Øygarden, kjem også til å føre til meir trafikk. Mykje av denne trafikken har heller ikkje noko i sentrum å gjere. Men skal regionen få utvikle sitt potensiale, trengst det gode vegar.
Litt overraskande kom det forrige veke positive signal frå Bergens-politikarane om planane for ein tverrsamband frå Kollsnes over Askøy til Nordhordland. Men skal dette bli ein fullverdig ringveg rundt Bergen, bør den ikkje leiast over Litlesotra og Bergen Vest. Den bør knyttast til eit nytt samband i sør. Kanskje det er på tide å hente fram att det forkasta alternativet over Tellnes?
Heilt sidan prosessen med nytt Sotrasamband starta, har det vore mana til å halda diskusjonane på eit edrueleg nivå. Ein føresetnad for i det heile å få eit sårt tiltrengt nytt Sotrasamband, har vore at partane greier å semjast om eitt alternativ. Statens vegvesen har vist til trafikktellingar og har kome fram til eit tydeleg resultat. Det er mellom Bergen Vest og Litlesotra trafikken er størst, det er her eit nytt samband må kome. Dagens bru har allereie problem med å takle den trafikken som går der i dag og må på eitt eller anna vis styrkast.
Men også vegstyresmaktene ser at kombinasjonen vekst på Askøy og på Sotra vil vere ei stor utfordring for Bergen. Ein ny prognose viser at det kan bli snakk om 80.000 bilar mellom øyane og Bergen innan 2030.
Sotrabrua må forbetrast raskt. Men ein kan heller ikkje vente for lenge med for alvor å hente fram draumen om den store ringvegen.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



