Vestnytt / Leiar / Dårleg på likestilling

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips

Dårleg på likestilling

Dei gamle strilekjerringane let seg ikkje pille på nasen. Dei heldt orden på ungeflokk og husdyr medan mannen var på sjøen, og brukte alle sin krefter på å sørge for eit godt liv for familien. Men ei sak var klar, mannen skulle vartast opp.

Publisert 18.02.10 09:02
Endret 18.02.10 09:02

Vi har høyrt det frå mange hald frå innflyttarar: dei reagerer på at gamle kjønnsroller vert haldne i hevd i større grad her enn andre stader. At kvinnene verkar å godta, ja til og med ønske, deltidsstillingar. Heimen og barna har kome i første rekke, og dette er eit ansvar dei ikkje krev at mannen skal dele med dei. Og at strilamenn er veldig på vakt mot å ta på seg det dei meiner er feminine oppgåver. 

Det er påfallande få kvinner som tør å stikke hovudet fram til dømes i det politiske liv. Og dei få som tør det, strevar hardt med å forsvare sine posisjonar. No er situasjonen den at vi har mannlege ordførarar, vararordførarar og rådmenn i alle tre kommunane. Det har funnest kvinnelege varaordførarar, men dei har ikkje halde ut lenge, og dei har ikkje greidd eller vilja fekte seg vidare til ordførarstolen.

No har Øygarden fått det svart på kvitt at dei er dårlege på likestilling. Det står ikkje så mykje betre til i Sund, medan Fjell har greidd å krabbe seg opp til middels høg grad av likestilling. Aud Karin Oen (SV) meiner at haldninga til kvinner er ei av årsakene til den dårlege plasseringa på likestillingsstatistikken. Ho peikar på at det både i offentleg og privat sektor blir jobba mykje ufrivillig deltid blant kvinner.

Å arbeide for å fremje likestilling er ingen enkel sak. Både årsaker og verknadar er så komplekse at det er vanskeleg å plukke ut satsingsfelt. Fjell kommune har til dømes i årevis hatt ein likestillingspris,  men det har bydd på store problem å finne verdige vinnarar.

Eitt område peikar seg likevel ut, det er på tide å rydde opp i den omfattande bruken av deltid, særleg i pleie- og omsorgsyrke. Men her er ikkje kommunane vest om Sotrabrua dei einaste som har svin på skogen.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Leiter etter veteranbussar frå vår region

Leiter etter veteranbussar frå vår region

Rutebilhistorisk foreining Hordaland manglar bussar frå Fjell, Sund og Øygarden. No er dei på jakt etter vekkgøymde klenodium.

 

    – Samanslåing på sikt

    – Samanslåing på sikt

    Region vest får no pengar frå staten til samarbeid, mellom anna innan barnevernet. – Ei viktig støtte til regionen, seier Olav Martin Vik.

      Iguanen får nytt hjem

      Iguanen får nytt hjem

      Iguanen som sist uke ble beslaglagt hos Johnny Midttveit på Klokkarvik, kan folk snart se i en dyrepark  på Karmøy.

        Prøvde å selga kai utan å eiga den

        Prøvde å selga kai utan å eiga den

        Terje Nordøy har havna i havnetrøbbel mot si eiga vilje. Øygarden kommune har lista kaia han er medeigar i, som offentleg. – Det morosame er at Øygarden og Sotra Rutelag forsøkte å selga kaien i 1986, ler Terje Nordøy.

          Stort steinalderfunn på Bjorøy

          Stort steinalderfunn på Bjorøy

          Arkeologene jubler over steinalderfunn i Nilsvika, men nå er det slutt på utgravingene.

            Iguan på avveie

            Iguan på avveie

            Den grønne iguanen ble hentet av politiet i Sund onsdag ettermiddag. Nå venter en uviss skjebne.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477