Bybane til Sotra
Fleire politikarar på Sotra har tatt til orde for at ein bør få Bybanen hit. No har også bergensordførar Gunnar Bakke (Frp) opna for å leggja skinner til Straume.
Endret 04.03.10 09:03
Å få bybanen til regionsentra rundt Bergen, vil vera eit godt tiltak for å få folk til å setja frå seg bilen. Men på kort sikt skapar bybaneplanane også utfordringar for det nye Sotrasambandet.
Bybanen er flaggskipet i kollektivsatsinga til Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune. Alt tyder på at den vil gje effektiv og miljøvenleg transport til og frå Bergen sentrum, og skapa ein ny giv for kollektivtransport i bergensområdet. Men skal Bybanen verkeleg bli ein suksess, må ein snarast råd få på plass skinner også andre stader enn berre mellom Bergen sentrum og Nesttun. Å strekkja bana utover mot Åsane er ein naturleg stad å starta. Fyllingsdalen og Flesland bør og vera høgaktuelle.
Etter det må ein sjå mot regionsentera i omegnskommunane. Og då er det Straume som kanskje peikar seg ut som det mest aktuelle, på grunn av geografi og befolkingstettleik. På sikt bør ein sjå om det er mogeleg med bybane også til Askøy, Nordhordland og eventuelt sørover mot Os. Berre då vil ein få eit bybanesystem som kan betjena ein stor del av trafikken som elles ville ha skapt kø og forureining.
Ei slik utbygging blir mildt sagt dyr, men det er eit kraftig moment i bybanen no. Difor er det på ingen måte utenkjeleg at me om eit tiår eller litt meir får bybanevogner til Straume. Men køproblema mellom Sotra og Bergen er så store at ein er nøydd til å løysa dei lenge før Bybanen eventuelt kjem.
Om ein skal leggja bybane på den noverande Sotrabrua, krev det vesentlege forsterkingar av den no så nedslitne brua. Det kan difor vera at ein heller kan la bybanen gå over den nye, firefelts brua som venteleg kjem. Spørsmålet er kor ein skal leggja skinnene på vest- og austsida av brua. Her kan ein koma i ein situasjon der bybanen tek dei planlagte kollektivfelta. Og dersom bussane må vika, er ein nøydd til å ha svært hyppige avganger med bybanen for å kompensera for dette. Dessutan vil det krevjast omfattande planlegging og reguleringsarbeid for å få på plass eit bybanesystem mot Sotra. Og ein må i alle høve ikkje skikka seg slik at dette arbeidet forseinkar det nye Sotrasambandet ytterlegare.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



