Brennpunkt Storavatnet
Allereie tidleg i året som gjekk, varsla rådmann Steinar Nesse politikarane i Fjell om si uro knytt til Sotrasambandet.
Endret 17.01.12 09:01
Det nye fastlandssambandet mellom Fjell og Bergen var i ferd med å enda i ein debatt som berre handla om løysingar i Bergen vest. 2011 skulle visa at rådmannen i Fjell langt på veg fekk rett i sine dystre spådommar. Første delen av året gjekk for vegvesenet med til å gjera ferdig det nye planprogrammet for sambandet. Nytt planprogram måtte til fordi bystyret i Bergen vedtok at planområdet for sambandet måtte utvidast frå Storavatnet til Liavatnet. Politikarane i Bergen tok over initativet i prosessen, etter det dei hadde opplevd som eit felles løp frå vegvesenet og Fjell kommune for ny bru i sambandet. Ønske om tunnel under sundet i dagens trasé gjekk tapt for Bergen, då samferdselsministeren peika på bruløysing.
Likevel, eller kanskje nettopp av den grunn, greidde bypolitikarane å riva til seg initiativet i saka. I Bergen tok dei seg god tid før byrådet nokre dagar før det kima i juleklokker, fann tida inne til å vedta planprogrammet. I vedtaket er det ikkje berre planane heilt fram til Liavatnet som skal vera på plass, før Bergen vil sleppa nye felt med trafikk frå vest fram til Storavatnet. Byrådet krev eigen busstrasé mellom Storavatnet og Liavatnet. Politikarane i Bergen stolar ikkje på fagre vyer frå vegvesenet om bybane heilt vest til Storavatnet. Bergen seier på den eine sida at dei godtek prinsippet om å dela sambandet i to kommunedelplanar, der krysset på Storavatnet skal høyra til delplan 1 vestover mot Kolltveit. I same vedtak ber Bergen om felles finansiering for heile strekninga frå Kolltveit til Liavatnet.
Bypolitikarane vil ha finansieringa klar også for del 2 av sambandet, Storavatnet-Liavatnet. Filip Rygg (KrF) og resten av byrådet er klinkande klare på at det ikkje er noko poeng i eit nytt samband, viss det berre flyttar køproppen frå strekninga Bildøy-Sotrabrua og inn på Storavatnet. Alle som pendlar mellom Sotra og Bergen, veit at Storavatnet allereie er ein propp vestover. Særleg på ettermiddag, men også på morgonen.
Filip Rygg har eit poeng når han peikar på at også region vest treng ei vestre innfartsåre som fungerer. Byrådet krev at kollektivtransporten vert styrka framfor personbilen mellom Sotra og Bergen sentrum. Det same har byråkratar og politikarar i kommunar og fylke og stat snakka om i eit halvt tiår. Køane står på same stader som før, det einaste som skjer, er at dei veks.
Dermed vert vegvesenet og Fjell kommune svar skuldig når Bergen stiller krav. Regionen sitt krav om betre vegar også på Storesotra har hamna i bakleksa. Der blir dei så lenge kollektivfelt, pendlarparkering og kryssløysingar ligg i reguleringskø og motsegnsdvale.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



