Vestnytt / Kultur / Vekkjer til live konserttradisjon med Vamp

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips
Vekkjer til live konserttradisjon med Vamp

Vekkjer til live konserttradisjon med Vamp

I morgon kveld innviar Vamp utescenen ved Panorama konferansehotell i Sund. Konserten kan bli den første av mange ved hotellet.

Publisert 09.08.12 10:08
Endret 09.08.12 10:08

Det er mange år sidan nedlagte Marsteinen Fjordhotell arrangerte sin siste konsert i Austefjorden i Sund. No vekkjer det nye hotellet opp att tradisjonen.

– Vamp held sin einaste konsert i Hordaland denne sommaren her på hotellet, seier sals- og marknadsansvarleg Ole Martin Opitz ved Panorama konferansehotell.

Har følgt vêrmeldingane

Om lag halvparten av dei 900 billettane, alle sitjeplassar, var selt ved oppteljinga i starten av denne veka.

– Sidan det er ein utekonsert, reknar vi med at mange ventar med å kjøpa billett til dei er trygge på at vêret blir bra, seier Opitz. Han har sjølv vore spent på vêrmeldingane den siste tida.

– No ser det heldigvis ut til å bli høgtrykk og fint vêr. Blir det regn, må vi satsa på regnponchoar, smiler han.

Vamp skal spela med ryggen mot Austefjorden på den store plassen like utanfor restauranten til hotellet, slik at publikum får havutsikt.

Alt klokka fire om ettermiddagen opnar buffeten inne i restauranten.

– Både buffet og overnatting er utselt, seier Opitz.

Vidarefører tradisjon

Inngangen til konserten blir frå sørsida av hotellet. Under tak langs veggen inn mot den store konferansesalen, vil det bli selt grillmat, fiskesuppe og drikke.

– Konserten startar klokka sju, men folk må gjerne koma tidlegare og få seg noko mat, oppmodar Opitz. Porten til konsertområdet opnar i fire-tida.

– Alt no har vi selt såpass at vi ikkje går i minus. Dersom også gjennomføringa blir ein suksess, vil vi satsa på fleire konsertar framover, seier Opitz. Han fortel at sundsokningane og andre har gitt positive tilbakemeldingar på arrangementet.

– Det gamle hotellet arrangerte konsertar, og folk er glade for at det skjer noko. Dette blir spennande, smiler marknadssjefen.

Aktuell med plate

Vamp går ei travel reisehelg i møte. I kveld spelar dei i Vadsø, i morgon altså i Sund, og på laurdag spelar dei på Jæren.

Med seg til Austefjorden har dei færøiske Eivór Pálsdóttir, som deltok som gjeste-vokalist på albumet «I full symfoni II» som kom ut i 2010. I haust lanserer bandet ny plate, og konserten i morgon kveld vil by på både gamle Vamp-klassikarar og smakebitar frå den nye plata.

– Vamp spelar i 90 minutt, fram til halv ni. Då inviterer vi folk til å ta resten av kvelden med DJ i partyteltet vi har fått på plass i storsalen, seier Ole Martin Opitz.

 

Tips en venn




Danset på Rongesundbrua

Danset på Rongesundbrua

– Det var skoleelever ved Øygarden ungdomskule som  først kom på ideen om brodans på Rongesundbrua, sier elevrådsleder Julie Pettersen

    Ba Erna om friare tøyler

    Ba Erna om friare tøyler

    Sotra vidaregåande skule vil ha meir praksis inn i dei teoretiske linene. Erna Solberg er lutter øyre.

      Treng meir plass på ungdomsskulen

      Treng meir plass på ungdomsskulen

      Om nokre år blir ungdomsskulen på Stranda for liten.

        Privatskule med god plass

        Privatskule med god plass

        Telavåg er klar med eit forslag til korleis privatskulen kan sjå ut. Den får god plass til framtidig folkevekst.

          17. mai-feiring i gråvær og varme

          17. mai-feiring i gråvær og varme

          Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.

            Populær p-plass treng utviding

            Populær p-plass treng utviding

            Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10