Vestnytt / Kultur / Syngjande fjortiskamp

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips
Syngjande fjortiskamp

Syngjande fjortiskamp

Beate Antonesen har henta inspirasjon frå USA til DoReMi sitt nye syngeteater.

Publisert 07.04.11 09:04
Endret 07.04.11 09:04

STRAUME: – Det er eit litt amerikansk-inspirert stykke, etter at eg var i New York i haust, fortel teatersjef Beate Antonesen.

DoReMi Teater har markert seg med fleire solide oppsetjingar sidan starten i 2005. Laurdag er det premiere på «To som oss», der handlinga krinsar rundt to rivaliserande jentegjengar.

– Ungdomane i teateret hadde veldig lyst på eit moderne stykke, og då fann eg ut at eg kunne skriva om dagens fjortisar og dei utfordringane dei har, seier ho.

Gjengkamp
Dei to gjengane konkurrerer om makta på skulen, og om sigeren i den årlege dansetevlinga.

– I år er det færre som har store roller med solosang og mange replikkar, mellom anna av reint praktiske årsaker.

Med færre hovudroller kan DoReMi ha fleire reservar om det skulle bli fråfall. Dessutan blir det enklare å få til god lyd når det ikkje er altfor mange som spring rundt med mikrofon på scena.

Sjølvskrive
– No er lyden knallbra. Me hadde generalprøve på måndag, og det vart veldig bra, seier Antonesen, som har med seg sambuaren Erik Bøe på lyd og lys.

Ho har sjølv skrive manus til dei fleste stykka DoReMi har spelt. Nokre av stykka har vore moderniserte versjonar av gamle eventyr, andre har vore eigne idear heilt frå grunnen av. No er det altså «To som oss» som gjeld, og det blir fire framsyningar i kultursalen ved Fjell rådhus i helga. DoReMi har tradisjonar for to teaterstykker kvart år, og til jul vert dei igjen å finna på scena.

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477