Strilesjefen Stella
– Går det bra, Sotra?! ropar Stella Mwangi til publikum i teltet på Sommarfesten i Straume idrettspark. – Jaaa! er det rungande svaret.
Endret 22.06.11 10:06
Det er utan tvil det sosiale og sjølve festen som trekkjer strilane til Sommarfesten i idrettsparken. VIP-gjestene har fått i seg maten som Bergen Kokkenes Mesterlaug er ansvarleg for, og det smakte.
– Vi har scampi, ølmarinert pølse og svinekam, seier kokk Maja Torpe medan Jan Christian Heigl serverer smaksprøvar. Svinekammen er så mør at kjøttet ramlar frå kvarandre alt før det hamnar på fatet.
– Og her har vi salatbar, peikar Erich Heigl.
Nilsen først ut
Aktiviteten aukar i teltet der ein får kjøpt bongar som kan vekslast inn mot drikke og mat, og etterkvart blir VIP-maten erstatta med grilla pølser og hamburgerar. Kurt Nilsen skal på scenen, men det finst ikkje folk i konsertteltet.
Men når Nilsen først set i gang, sig folket på.
– Eg forstår jo at folk gjerne vil sitja ute og prata og kosa seg når vi først har fått fint vêr, seier festivalkonge Rolf Øvretveit.
Kurt Nilsen leverer som avtalt eit sett på halvannan time, og stemninga stig.
Heile fire artistar står på plakaten. Etter Kurt Nilsen kjem det for strilane ukjente bandet Aslan, eit band som er populært i heimlandet Irland. Dei var det ikkje mange av gjestene som fekk med seg.
– Eg skulle ønska at fleire fekk med seg konserten deira, for eg synest dei er knallgode. Men eg kan ikkje nett jaga folk inn, konstaterer Øvretveit.
Bongforvirring
I bongteltet er det både hektisk og underhaldande utover kvelden.
– Eg skal ha éin bong! seier ein vaksen mann bestemt.
Mannen betaler med kort, og seljaren legg kvitteringa saman med bongen og strekkjer ut handa for overlevering.
– Nei, den treng eg ikkje, seier mannen, og snakkar truleg om kvitteringa.
– Men skal du ikkje ha bongen din?
– Nei, har eg sagt, seier mannen og snur seg for å gå.
– Men du har jo betalt for bongen?
– Du kan berre hiva han, seier mannen avvisande og forlet teltet.
– Eg tar gjerne bongen hans, seier nestemann i køen.
Alt gjekk på skinner
At Stella Mwangi har meir å by på enn Melodi Grand Prix-låten «Haba Haba», blei ei positiv overrasking for mange. Det dampande showet fekk ein overmodig kar til å snika seg opp på scenen, men han blei raskt fjerna. Stella fekk ei travel helg på Sotra, med minikonsert på Sartor på dagtid på laurdag og konsertar både laurdag og søndag i idrettsparken.
– Tusen takk! De er eit fantastisk publikum, stråler Stella.
Kvelden blei avslutta med Abba-show frå England. Det blei litt kortare enn planlagt, då tidsskjemaet rauk alt med Kurt Nilsen.
– Men alt går på skinner. Folk oppfører seg fint, som vanleg. Artistane leverer, og dei frivillige og vaktane gjer ein kjempejobb, oppsummerer Rolf Øvretveit.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



