Vestnytt / Kultur / Spel / Meg, deg og Tiger Woods
Meg, deg og Tiger Woods

Meg, deg og Tiger Woods

Tiger Woods sin spelserie, der du kan spela golf på skjermen til du vert grøn, har fått ein ny dimensjon i Pga Tour 08.
Publisert 04.10.07 10:10
Endret 24.10.07 10:10

PS3: EA Sports har vore spelkongen når det kjem til dei mest selde TV-spela i mange år. No har dei tatt steget vidare med Tiger Woods Pga Tour 08.

Spel med eige andlet
For no kan du lasta opp eit bilete av deg sjølv, lasta det ned att på Playstation-maskina di, og generera ditt eige andlete på spelaren din. Det høyres utruleg ut, men det er faktisk sant. Sjølv har eg prøvd, og etter ein time med fotografering, nedlasting og generering, sto eg der på den grøne virtuelle bana med eit drivande likt andlet, men kanskje i ei tynnare utgåve.

Golf mot nye høgdar
Det er morosamt å spela Tiger Woods. Sjølv om det beste er å stå ute på greenen sjølv, er det nærast som å stå der når du spelar Playstation3-utgåva av Tiger Woods. Det er ikkje mange spel som kan gleda, irritera og vera så frustrerande som dette golfspelet. Difor er det ikkje utan grunn at EA har vore leiande på denne typen spel i mange år.
16 banar kan du utfordra deg sjølv i frå sofakroken. I tillegg kan du no kontrollera slaget ditt i mykje større grad enn du kunne i tidlegare utgåver.
For meg vart det brått vanskelegare, og golfballen eg har slått avgårde, har møtt meir grus og kratt en nokon gong. Men det gjer ikkje spelet dårlegare. Tvert om. Det gjer spelet betre. Mykje betre. For når eg har stått der ute på ei ekte grasmatte med golfkølla i handa, har eg banna minst lika mykje som eg gjer frå sofakroken i handa.
I tillegg er det no lettare å spela på internett via konsollen din. Du treng ikkje vera avhengig av kameratar med same interesse for å spela med andre. Problemet er at dei på nettet er så utruleg gode.
Eit spel absolutt å anbefala. Terningkast seks for Tiger Woods Pga Tour 08.



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477