Vestnytt / Kultur / Spel / Korleis verta diktator på ti minutt
Korleis verta diktator på ti minutt

Korleis verta diktator på ti minutt

PC: Med SimCity Samfunn kan du bygga deg ein by, herska med tunge, harde metodar og verta styrta av sinte folkemassar - alt på nokre få timar. Velkomen til neste generasjon SimCity.
Publisert 14.11.07 22:11
Endret 14.11.07 22:11
Det tok meg berre ein time med samanhengande byutvikling å skapa så mykje kaos i min vesle by, at folk gjekk mann av huse for å setja meg av som statsleiar. Når du vel by, kan du velja kva slags type by du vil ha. Ein liten by eller ein autoritær by. Her kan du vera klovneordførar eller diktator. Eg valde det siste. Etter ei stund sat eg med kring 7000 innbyggarar, og 70 prosent av dei direkte misnøgde med mi leiing. Eg bestemte meg difor å bygga fleire statsbygg, høgare blokker og fleire bygningar med hemmeleg politi. Ein må jo halda massane nede. Det var vel ikkje rette metoden. Då eg passerte 8000 innbyggarar i bygda mi «Voss» følte eg meg som reine general Pervez Musharraf, noko eg for å vera heilt ærleg, hadde prøvd å bli og. Eg ville sjå korleis eg kunne styra ein by med jernhånd. Det er visst ikkje mitt lodd her i livet å sitja med miletærdrakt, hundrevis av generalstjerner og bart. Då eg byrja spelet i turorial-mode (læringsmodus), så fekk eg vera med å bygga ein moroby. Det gjekk bra. Hmmm... Det er jo så uendeleg kjeeeeedelig. Så eg valde diktatorstaten. No sit eg att med nærare 10.000 innbyggarar. 5000 av dei er alkoholikarar og resten arbeidsledige sinte folk som vil kasta meg fortast råd. Eg gjev meg difor som diktator og forsøker meg som borgarmeister i ein moroby att. Kjedeleg men trygt frå avrettingar av statsleiarar. Konklusjon: Spelet er morosamt sjølv om eg i utgangspunktet er passert øvre grense for simcity-speling. Absolutt å anbefala, faktisk.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477