Vestnytt / Kultur / Som perler på ei kulturell snor

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips
Som perler på ei kulturell snor

Som perler på ei kulturell snor

Ungdommens Kulturmønstring (UKM) hadde mykje å by på i kantina på Sund vidaregåande skule på laurdag.

Publisert 26.01.10 08:01
Endret 26.01.10 08:01

 – Eg var ikkje så nervøs, men det kribla litt i magen, seier Remy Brakstad frå Straume i Fjell etter at han har beatboxa for dommarane og publikum på UKM.

Han er ein av dei heldige som blei plukka ut til å gå vidare til fylkeskulturmønstringa i vår.

– Kvifor beatbox?

– Eg såg det på youtube og blei fascinert, seier Remy, som har beatboxa i to og eit halvt år.

 

UKM for Fjell, Sund, Øygarden og Askøy blei i år arrangert på Sotra vidaregåande skule, avdeling Sund i Skogsvåg.

– Det var eit fint arrangement. Det er flott at ungdommane får vist seg fram, meiner ordførar Albrigt Sangolt i Sund. Han er imponert over fleire av deltakarane.

– Her er det mange talent. Det er tøft gjort å stå slik på scenen når ein er 11-12 år gammal, seier ordføraren og siktar truleg til bandet M.O.M. frå Sund, som gjekk vidare til fylkesmønstringa med den eigenkomponerte låten Mix.

 

Vidare gjekk også Roar Førde, Vegard Vardøy, Henrik Jonsson og Simen Børnes frå Sund, som hadde med seg Gunhild Misje frå Olsvik på fiolin.

– Eit spennande prosjekt, særpreg med fiolin, bra framført, heiter det i kommentarane frå juryen.

– Eg var med på UKM i fjor også, seier Roar, som spelte piano og song på låten «Drops of Jupiter» av Train. Han går på kulturskulen i Sund og spelar både bass og piano.

– Kan du tenkja deg å bli musikar av yrke?

– Ja, det hadde vore kjekt, smiler han. Til hausten skal han på vidaregåande skule og har valt teknologilinja på Bildøy?

– Hm, teknologilinja? Skulle ikkje du bli musikar?

– He-he. Eg vil få meg ein trygg jobb først, i tilfelle eg ikkje blir nokon stor musikar, seier Roar.

 

 

 

Desse gjekk vidare til fylkesmønstringa:

 Klassisk/vise/pop/dans/beatbox

Fjell:

Jonas Gjøen (gitar/song)

Norwegian Dream: Bård Leganger Landro (kornett), Erlend Tangen (trommer), Joakim Sørensen (bass), Lisa Turøy Christiansen (gitar), Trond Espen Bjoland (synth)

Remy Brakstad (beatbox)

Sund:

Roar Førde, Vegard Vardøy, Simen Børnes, Henrik Jonsson og Gunhild Misje

Øygarden:

Andreas Flåten (song/gitar)

Askøy:

Ellie Isla: Arnfinn Langesæther (sax), Eirin Marie Tveito (vokal), Ingri Rose Thue Clark (vokal/gitar), Thea Sander (vokal), Vilde Mæhlum (gitar/backingvokal)

Kunst

Fjell:

Veronica Stuksrud (foto)

Sund:

Anne Emilie L. Prestegård (akvarell)

Øygarden:

Tina Gammersvik (design/saum)

Askøy:

Reni Fossdal (kolstift)

Rock

Fjell:

Downfall: Daniel S. Granum (trommer), Kristoffer Rørvik (gitar/vokal), Morten Fjærestad (gitar/bakgrunnsvokal), Ole-Petter Å. Krogsæther (bass/scream)

Sund:

M.O.M.: Emil Bjånes (slagverk), Marius Fonnes Myren (bass), Severin Hjelle Nygård (gitar)

Øygarden:

Freddy Caused Pain: Henrik Torsvik (bass), Sindre Toft (gitar/vokal), Torstein Lokøy (trommer)

Askøy:

Eplene: Fredrik Søreide (gitar), Runa Aarset (bass), Simon Huiberts (trommer), Vilde Mæhlum (gitar/vokal)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477