Satsar på skikkeleg kalas for Kleppevik
Endret 04.10.07 15:10
KONSERT: Det er foreininga Torgdagen i Bergen som arrangerer 60-årsdagen til Johannes Kleppevik.
– Me har forsøkt å setta dette i Johannes si eiga ånd. Eg trur at han ville sett pris på at me lagar ein flott hyllest til ein 60-åring. Med det programmet me har, så håpar me at folk får sjå breidda og djupna av det Johannes har skapt, seier formann i Torgdagane i Bergen, Ketil Natvik til Vestnytt.
Fylte opp Grieghallen
Natvik kan lova dei som har kjøpt billett til konserten, ei oppleving av store musikalske dimensjonar.
– Me er faktisk utselde, og då snakkar me om kring 1500 billettar. Me har klart å fylla opp heile Grieghallen. Det seier ganske mykje, seier Ketil Natvik stolt.
Dei som kjem for å spela og synga Kleppevik-songar på laurdag er: Clive og dottera Claudia Scott, Ole Fjeld og dottera til Johannes Kleppevik, Marlen Kleppevik. Askøystrilane kjem. Det gjer og Heimalanne, som nettopp har gjeve ut ny plata «Godt å sjå deg». Per Golten kjem for å synga songar av Kleppevik. Tor Endresen, Bjørn Jensen og Ausekarane, kjem for å syna fram eit utdrag frå showet Haraball i naustet av Johannes Kleppevik.
Gruppa Spindel kjem. Det gjer og Tellnes Trio, som har spelt i mange år på Torgdagane. Steinslandsgjengen skal spela med Halvard Steinsland i spissen. Dessutan kjem Sund blandakor og Fjellkoret for å synga. Sotra Folkedanslag skal dansa i løpet av konserten.
– I tillegg skal Helga Golten vera programleiar, og Jimmy Øvredal har laga ein prolog, seier formannen for Torgdagane i Bergen.
Göran Fristorp kjem
Det store trekkplasteret på laurdagens konsert, er Göran Fristorp. Han kjem til å framføra fire songer av Johannes Kleppevik, med si eiga tolkning.
– Det vert spanande. Fristorp hadde høyrt om Kleppevik då me ringte han, men han hadde ikkje eit nært forhold til musikken. Då han hadde høyrt den, så sa han at det skulle vera han ein fornøyelse å vera med å hylla Johannes, fortel Ketil Natvik.
Konserten byrja Torgdagane i Bergen å planlegga i fjor haust.
– Me har i all hovudsak fått med oss folk som er kjent med Johannes sin musikk, seier Natvik.
(Arkivfoto: John Foss)
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



