Røde Kors-ungdom lokkar med Thelma
Sund Røde Kors Ungdom blei starta opp i haust. No jaktar dei både på fleire medlemmer og fast lokale. Torsdag blir det diskotek med bandet Thelma.
Endret 05.05.08 19:05
SUND: Sund Røde Kors Ungdom er det første lokallaget som ser dagens lys her i regionen.
– Vi blei kontakta av Linn Hesvik, nestleiaren i Sund Røde Kors. Ho lurte på om vi hadde lyst til å vera med og starta opp eit ungdomslag, fortel Christine Øvretveit.
Ho er nestleiar i styret, medan venninna Annika Foldnes er styremedlem. Begge bur i Telavåg og går på Sund vidaregåande skule.
Starta opp i haust
Laget starta opp i oktober i fjor, og førebels har dei beskjedne åtte medlemmer i tillegg til fire personar i styret.
– Korleis rekrutterer de medlemmer?
– Det er difor vi er her no, ler Foldnes.
På torsdag arrangerer laget diskotek i ungdomshuset Vågsheim i Skogsvåg. Rusfritt, så klart.
– Vi har fått bandet Thelma til å spela for oss. I tillegg skal dei selja cd-ar og signera, fortel Øvretveit.
Dei to trur ikkje dei får problem med fulle ungdommar på konserten.
– Folk veit at det er eit rusfritt arrangement, seier Foldnes.
– Det er litt difor vi har det på ein torsdag også, seier Øvretveit.
Hjelper ungdom lokalt
Jentene meiner Røde Kors har mykje spennande by på.
– Det første eg tenkte då eg blei spurt om å vera med i Røde Kors, var førstehjelp. Eg blei overraska då eg fann ut at det er så mykje meir, seier Øvretveit.
– Kva då, for eksempel?
– Røde Kors er ein humanitær organisasjon som til dømes hjelper prostituerte, informerer om prevensjon og støttar ungdom lokalt, seier ho.
Foldnes har vore på ungdomsskulen og presentert lokallaget i dei fleste klassane der.
– Men eg følte at eg ikkje nådde heilt fram, smiler ho.
Treng fast lokale
Dei to understrekar at ein ikkje treng vera frå Sund for å bli medlem.
– Er ein mellom 13 og 30 år, er ein velkommen hos oss, understrekar dei to.
Ungdomslaget er no på jakt etter eit fast lokale.
– Ungdom treng andre tilbod enn fotball. Vi ønskjer å skapa ein treffplass for ungdom lokalt, der ein kan preika, spela biljard, sjå film, kva som helst, seier Øvretveit.
– Ja, på fotballtrening får i alle fall eg beskjed om at det ikkje er nokon syklubb, smiler Foldnes. Men lokalet må vera sentralt, og då er det berre Skogsskiftet som er aktuelt.
– Det går ikkje ofte bussar til bygdene i Sund, påpeikar Foldnes.
Jentene håpar på fullt hus på torsdag. Kanskje er det også håp om å få nokre nye medlemmer i løpet av kvelden med Thelma.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



