Rockeklubben opnar med Pogo Pops
På fredag startar Sund rockeklubb opp igjen etter mange års pause. Oppstarten blir markert med konsert med Pogo Pops i dei nye lokala på Glesnes.
Endret 07.09.10 10:09
GLESNES: Etter ein pause som har vart i fleire år og ein oppstartsprosess som har vore utfordrande, er Sund rockeklubb endeleg klar til å starta opp igjen. Klubben får tilhald i det splitter nye sjøsportsenteret på Glesnes.
– Dette er ekstremt spennande. Ein fryd, seier Ole Rasmus Øvretveit, som det siste året har jobba med å gå rockeklubben i gang igjen.
Komplette øvingsrom
Han gler seg til å visa fram dei nye lokala i andre etasje på sjøsportsenteret på Glesnes. Sjøsportsenteret er eigd av Glesnes ungdomslag og speidargruppa, og meininga har heilt sidan planlegginga av bygget vore at det skulle føregå musikkaktivitetar i andre etasje.
– Det er flott for rockeklubben at vi får bruka dei lokala. Eg trur miljøet på Glesnes og rockeklubben vil få stor nytte av kvarandre, seier Øvretveit.
I andre etasje på senteret byr rockeklubben på to komplette øvingsrom med trommesett, forsterkarar og sanganlegg. I tillegg har klubben tilgang på eit forsamlingsrom i etasjen. Ungdom som ikkje sjølv har instrument, kan få låna bass og gitar hos klubben.
Øvretveit håpar så mange spelelystne ungdommar som mogleg vil melda seg inn i klubben.
Pogo Pops lette å be
Når rockeklubben endeleg opnar, blir det markert på skikkeleg vis. På scenen på fredag står dei lokale banda Downfall og Stumbleboy. Men det største namnet på plakaten er Pogo Pops.
– Dei har tilknyting til Glesvær og var ikkje vanskelege å be, seier Øvretveit. Trommis Nicolai Hamre i Pogo Pops bur sjølv berre eit steinkast unna sjøsportsenteret.
– Pogo Pops var den rette gjengen å invitera til opninga, meiner Øvretveit.
Han meiner det skal vera plass til eit par hundre menneske på opninga. Sjølv om det rusfrie arrangementet berre kostar femtilappen for dei under 18 år, er han ikkje uroleg for at det skal dukka opp for mange folk.
– Nei, blir det fullt, så blir det fullt, seier Øvretveit.
Buss heim igjen
Arrangementet startar klokka sju om kvelden, og klokka elleve er det sett opp buss som først går til Telavåg, deretter til Straume. Bussen korresponderer med buss som går rundt Sund kommune frå Skogsskiftet.
Det vil om kort tid bli etablert eit interimstyre for Sund rockeklubb.
– Vi må få på plass medlemsmassen først, slik at medlemmene sjølve kan velja eit styre. Så i haust vil nok arbeidsgruppa som har jobba med oppstarten av klubben, også vera med på planlegging av aktivitetar, seier Ole Rasmus Øvretveit.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



