Rekordmange påmeldte til kulturmønstring
Så mange har meldt seg på Ungdommens Kulturmønstring (UKM) at mønstringa må starta to timar tidlegare enn planlagt på laurdag.
Endret 26.01.12 10:01
FJELL: Fjell, Sund, Øygarden og Askøy kommunar har dei siste åra samarbeidd om UKM, og i år blir mønstringa arrangert i kultursalen på Fjell rådhus.
– Vi har annonsert både i avisene og på plakatar at mønstringa startar klokka 14.00 på laurdag, men vi har fått så mange påmeldte at vi må starta to timar før, seier Hilde Kristin Egeland ved kulturkontoret i Sund kommune.
Nesten 200 ungdommar
Ho fortel at mønstringa i vest blir den desidert største i Hordaland i år, trass i at også mange andre kommunar arrangerer mønstringa i samarbeid med kvarandre.
– Og det er god geografisk spreiing mellom kommunane. Det er fint, det viser mangfald, meiner Egeland.
Førstkomande laurdag deltar over 190 ungdommar frå dei fire kommunane med kulturinnslag i ulike klassar.
– Aller flest påmeldte er det i kategorien klassisk, vise og pop, opplyser Egeland. Dei andre kategoriane på scenen er musikal, teater og dans, og rock, som blir presentert i eiga avdeling om kvelden. Heile dagen kan ein også sjå arbeida til dei påmeldte innan kunst.
Dobling på to år
For to år sidan var det 87 deltakarar fordelt på 40 innslag med i UKM, i fjor var talet på 108 deltakarar og 55 innslag. Årets 191 ungdommar fordelt på 83 innslag er dermed meir enn dobbelt så mange som for to år sidan.
– Kva er årsaka til auken?
– Det eine er nok at vi utsette fristen for påmelding, sidan vi veit at mange oppdagar det i siste liten og får lyst til å vera med, seier Egeland. Fristen for påmelding gjekk eigentleg ut i desember, men blei utsett til midten av januar.
– Det andre er at vi har sendt ut invitasjon til alle i kulturskuledatabasen, inkludert dei som står på venteliste for plass i kulturskulen, seier Egeland.
Stolt trass utfordring
Den siste veka har arrangørane hatt ein jobb å gjera med å opplysa deltakarar, frivillige og dei som skal jobba på arrangementet, om endra starttidspunkt.
– Vi håpar at endra startidspunkt ikkje skapar problem for publikum eller deltakarar, seier Egeland. Trass i nokre praktiske utfordringar er ho glad for den store interessa for Ungdommens kulturmønstring.
– Vi er stolte over å vera den største lokalmønstringa i Hordaland, seier Hilde Kristin Egeland.
17. mai-feiring i gråvær og varme
Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.
Populær p-plass treng utviding
Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.
Generalprøve for Brudansen
Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.
Sender ballen videre til Fylkesmannen
Øygarden kommune har laget kostnadsoverslag for opprydding etter bølgekraftruinene. Men hvem som skal betale er fremdeles usikkert.
Siste kortnytt
- Øygarden vil bli eier [14.05.13 11:05]
- MC-førar lettare skadd [12.05.13 15:05]
- Oppbevarte narkotika [10.05.13 15:05]
- Nesten i hundre på Straume [13.05.13 08:05]
- Gutt fast i fjellhylle [06.05.13 14:05]
- Seilbåt sett i Nordhordland [04.05.13 12:05]
- Herland-muren opp på nytt [03.05.13 14:05]
- Politiet på sporet etter sykkeltyver [02.05.13 09:05]
- Andreassen i Bergen Næringsråd [02.05.13 09:05]
- Promille på Tellnes [30.04.13 10:04]
- Russ påkjørt på Torsvik [30.04.13 10:04]
- Stjal sykler i Sartorparken [30.04.13 10:04]
- Utforkjøring i Tellnesskogen [26.04.13 16:04]
- Tyveri av tilhenger [23.04.13 09:04]
- Stjal verktøy fra container [23.04.13 09:04]
- Ni mål for Sotra SK [21.04.13 09:04]
- Velta med motorsykkel [21.04.13 18:04]
- Knuste ruter i to biler [20.04.13 07:04]
- Arrangerer konkurranse for jenter [18.04.13 15:04]
- Tre innbrudd samme natt [18.04.13 15:04]
Mest lest
- Sartor endrar p-avgifta [25.04.13 13:04]
- Ser lyst på fremtiden til Rong senter [03.05.13 14:05]
- Utsette skulesaka [25.04.13 11:04]
- Kvinne funnet død på Kolltveit [27.04.13 13:04]
- Folk misliker parkeringsavgiften [20.04.13 07:04]
- Kjemper sammen mot dopingmidler [26.04.13 16:04]
- «Før var eg heilt stum, no føler eg meg heilt trygg» [03.05.13 13:05]
- Flyttar forsyning, styrkar subsea på Ågotnes [18.04.13 08:04]
- Blåste gjennom mila [02.05.13 14:05]
- Feirar førti år med ny plate [26.04.13 16:04]
- - Lyskryss ved Valen monnar lite [03.05.13 14:05]
- Ønskjer tydeleg driftsmodell [07.05.13 08:05]
- Nesten for Nest [01.05.13 19:05]
- CCB styrker posisjonen sin i Øygarden [22.04.13 08:04]
- Klare for fest, knuter og røde drakter [25.04.13 10:04]
- Statoil vurderer å flytte fra Ågotnes til Mongstad [12.04.13 14:04]
- - Innbruddet ødelegger resten av ferien [14.05.13 11:05]
- 17. mai-feiring i gråvær og varme [17.05.13 13:05]
- Rektor er habil i skulesaka [21.04.13 11:04]
- Leteaksjon avsluttet uten funn [03.05.13 17:05]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Kan miste lappen etter «burning» [14.03.08 15:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Badeveret er kome til Sotra [27.06.09 08:06]
- Sartor setter på parkeringsbremsen [13.11.08 10:11]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]


