Prøver seg i Norske Talenter
I fjor fekk Magnus Ågotnes beskjed om å øva meir. Fredag kan du sjå han prøva seg på ny i Norske Talenter.
Endret 12.09.12 15:09
ÅGOTNES: Magnus Ågotnes vert å sjå på TV2 fredag kveld, der han prøver å koma vidare til neste runde i «Norske Talenter». Attenåringen frå Ågotnes dansar, og prøvde seg i talentkonkurransen også i fjor. Han rauk han ut då turen var komen til å dansa framfor dommarane.
– Då sa dei at eg ikkje var heilt god nok, og burde ta eit år til med øving, fortel han.
Mellom råda han fekk, var å showa betre, ha meir augekontakt og større rørsler. Det fekk han ros for å ha forbetra seg på eitt år etter.
Ros av dansar
– Adil Khan sa at det var utruleg kult at eg meistra det eg hadde fått beskjed om å øva på. Dei sa eg hadde betra meg veldig, fortel Ågotnes.
Adil Khan er sjølv dansar, og Ågotnes set stor pris på rosen han fekk.
Programmet i fredag går i opptak, og der kan du sjå om Magnus Ågotnes går vidare. Ungdommen frå Ågotnes er kanskje mest kjent for prestasjonane på skytebana, og er son av skyttarkongen John Olav Ågotnes. Men han har dansa heile livet. På TV2 er det innan dansestilen popping han prøver seg.
– Eg har vel drive seriøst med popping i rundt tre år, fortel Ågotnes.
Fleire popparar
Popping er ein hiphopdans som kan minna om det ein kjenner som robotdans, med raske, kontante rørsler. Den stammar frå California på syttitalet og er delinspirert av dansestilen locking. Popping vart vist på Norske Talenter også førre fredag. Då fekk Carl B. D. Vaughns mykje ros av dommarane og gjekk vidare. Fredag får ein sjå om dommarane også sender Magnus Ågotnes vidare.
Attenåringen har fått råd og inspirasjon frå dansarar innan bergensmiljøet, men er ikkje med i noko fast dansegruppe.
– Eg har alltid halde på på eiga hand, seier han.
Mykje dansing
Ågotnes bur på Ågotnes og går i lære som bilmekanikar. Fritida går i stor grad til skyting og dansing.
– Det går meir i dans enn i skyting nett no. Det er det eg har mest lyst til å halda på med, seier Magnus Ågotnes til Vestnytt.
Norske Talenter på TV2 er basert på det britiske programmet «Britain’s Got Talent». Det er ein talentkonkuranse som er open for alle typar opptredenar og deltakarar i alle aldrar. Musikarar, dansarar, akrobatar, tryllekunstnarar og andre prøver alle å imponera dommarane. Gjennom audition, semifinaler og finale blir det beste talentet kåra. Det er femte året på rad at TV2 sender programmet. Årets dommarar er Mia Gundersen, Alex Rosén og Adil Khan. Førstepremien er på 500.000 kroner.
Privatskule med god plass
Telavåg er klar med eit forslag til korleis privatskulen kan sjå ut. Den får god plass til framtidig folkevekst.
17. mai-feiring i gråvær og varme
Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.
Populær p-plass treng utviding
Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.
Generalprøve for Brudansen
Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.
Siste kortnytt
- Øygarden vil bli eier [14.05.13 11:05]
- MC-førar lettare skadd [12.05.13 15:05]
- Oppbevarte narkotika [10.05.13 15:05]
- Nesten i hundre på Straume [13.05.13 08:05]
- Gutt fast i fjellhylle [06.05.13 14:05]
- Seilbåt sett i Nordhordland [04.05.13 12:05]
- Herland-muren opp på nytt [03.05.13 14:05]
- Politiet på sporet etter sykkeltyver [02.05.13 09:05]
- Andreassen i Bergen Næringsråd [02.05.13 09:05]
- Promille på Tellnes [30.04.13 10:04]
- Russ påkjørt på Torsvik [30.04.13 10:04]
- Stjal sykler i Sartorparken [30.04.13 10:04]
- Utforkjøring i Tellnesskogen [26.04.13 16:04]
- Tyveri av tilhenger [23.04.13 09:04]
- Stjal verktøy fra container [23.04.13 09:04]
- Ni mål for Sotra SK [21.04.13 09:04]
- Velta med motorsykkel [21.04.13 18:04]
- Knuste ruter i to biler [20.04.13 07:04]
- Arrangerer konkurranse for jenter [18.04.13 15:04]
- Tre innbrudd samme natt [18.04.13 15:04]
Mest lest
- Sartor endrar p-avgifta [25.04.13 13:04]
- Ser lyst på fremtiden til Rong senter [03.05.13 14:05]
- Utsette skulesaka [25.04.13 11:04]
- Kvinne funnet død på Kolltveit [27.04.13 13:04]
- Kjemper sammen mot dopingmidler [26.04.13 16:04]
- «Før var eg heilt stum, no føler eg meg heilt trygg» [03.05.13 13:05]
- Folk misliker parkeringsavgiften [20.04.13 07:04]
- 17. mai-feiring i gråvær og varme [17.05.13 13:05]
- Blåste gjennom mila [02.05.13 14:05]
- - Lyskryss ved Valen monnar lite [03.05.13 14:05]
- Feirar førti år med ny plate [26.04.13 16:04]
- Ønskjer tydeleg driftsmodell [07.05.13 08:05]
- - Innbruddet ødelegger resten av ferien [14.05.13 11:05]
- Nesten for Nest [01.05.13 19:05]
- CCB styrker posisjonen sin i Øygarden [22.04.13 08:04]
- Klare for fest, knuter og røde drakter [25.04.13 10:04]
- Leteaksjon avsluttet uten funn [03.05.13 17:05]
- Rektor er habil i skulesaka [21.04.13 11:04]
- Giske smakte på ung skaperkraft [23.04.13 08:04]
- Sondre var rett regent på festninga [24.04.13 15:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Kan miste lappen etter «burning» [14.03.08 15:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Badeveret er kome til Sotra [27.06.09 08:06]
- Sartor setter på parkeringsbremsen [13.11.08 10:11]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]


