Milliongåve vert ny Telavåg-utstilling
Ei milliongåve frå no avlidne Mette Mohn gjer at Museum Vest i desse dagar byggjer ny hovudutstilling om Telavåg si tragiske historie.
Endret 14.10.11 15:10
TELAVÅG: Det er fem år sidan Mette Mohn ringte til Jenny Heggvik hjå Nordsjøfartmuseet og spurte om dei trengte midlar til utstillingar.
Den storslåtte gåva frå Mohn-familien har no fått historiske bein å gå på.
I februar/mars opnar museet på Telavåg ny hovudutstilling.
Vestnytt har fått snika rundt i dei nye utstillingslokala.
Folk kan berre gle seg.
«Det nære rommet»
Den nye utstillinga består av fleire delar. Film om Telavåg ligg i botn av heile utstillinga. Den anbefalar museet sine tilsette at ein får med seg fyrst.
– Den gjev grunnlag for resten av utstillinga. Har ein sett den, så kan ein fordjupa seg i resten, seier Geir Olav Sebjørnsen, som har ansvaret for bygginga av den nye hovudutstillinga.
Så kan ein gå inn i «det nære rommet».
– Me tar for oss Telavåg-historia frå A til Å, seier ein stolt Sebjørnsen.
I det nære rommet kjem ein tett på enkeltskjebnane i krigshistoria til Telavåg.
– Den tidlegare utstillinga var meir generell. Denne vert meir personifisert. Me tek føre oss enkeltpersonar si historie i mykje større grad, seier Sebjørnsen.
Gjenreisinga og båt
I tillegg tek utstillinga føre seg gjenreising og mange farlege båtturar over Nordsjøen.
– Me har planar om å laga eit båthus, der folk kan gå inn og oppleva korleis det kunne vera på havet den tida, fortel Sebjørnsen.
I tillegg til den nye utstillinga får den museumsinteresserte sjansen til eit djupdykk i Telavåg-historia.
– Me har laga eit interaktivt bibliotek. Der kan liten som stor gå djupare inn i historia enn det me klarar å stilla ut, seier Sebjørnsen.
Milliongåva
Jenny Heggvik har hatt sitt vyrkje på Nordsjøfartmuseet sidan 1999. Ho hugsar godt samtalen då ho fekk ein telefon frå Mette Mohn i november.
– Dette er ei gåve som har stått og venta sidan 2005. No var det på tide med ei ny utstilling, og då er me så heldige at me har hatt pengar på bok, seier Heggvik.
Ho er svært glad for at pengegåva no vert utstilling.
– Far til Trond Mohn, Frank Mohn, hadde stor interesse for nordsjøfarten under krigen. Han reiste sjølv og tok med seg familien til Buckie i Skottland. Der oppheldt han og familien seg. Trond og hans avlidne kone Mette var fleire gonger på tur til museet her, seier Heggvik.
Stengt gjennom vinteren
Nordsjøfartmuseet har alltid hatt ope heile året. Kvar sundag har publikum hatt sjansen til å koma til Telavåg og vitja museet, utanom sesongen. Dette vert ikkje mogleg i vinter.
– På grunn av ombygginga i høve den nye utstillinga, så vert me stengt frå 15. oktober til utstillinga opnar i februar/mars. Me vil ha eit såpass redusert tilbod, at det ikkje var hensiktsmessig å halda ope, seier Jenny Heggvik.
I tillegg til alt det andre som skjer på Nordsjøfartmuseet, så kjem museet og Egil Christophersen ut med ein ny katalog når utstillinga opnar neste år.
– Katalogen tar opp historia til Telavåg og Lidice i Tjekkia. Dei har svært lik skjebne under andre verdskrig. Dette har Christophersen tatt for seg, seier Jenny Heggvik.
– Hyggelig
Trond Mohn har sjølv vore fleire gonger på Nordsjøfartmuseet. Han tykkjer det er svært hyggelig at museet no får ei ny hovudutstilling med hjelp frå Mette Mohn si gåve.
– Det er veldig hyggelig. Eg tykkjer dette er ei svært viktig del av krigshistoria, seier Trond Mohn.
Sjølv var han fødd i Skottland.
– Eg har vore på museet, og vil koma og sjå den nye utstillinga når den er klar, seier Trond Mohn.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



