Lokkar framtidige rockestjerner
Kulturkoordinator Hilde Kristin Egeland i Sund spelar sjølv i band. No inviterer ho ungdom til rockekurs.
Endret 15.01.10 15:01
SUND: I samarbeid med AKKS Bergen arrangerer Sund kommune for første gang rockekurs for ungdom mellom 13 og 18 år.
– Eg er veldig spent. Eg håpar det blir stor interesse for dette, smiler kulturkoordinator Hilde Kristin Egeland.
Både jenter og gutar
AKKS står for Aktive Kvinners Kultursenter og er ein frivillig organisasjon som jobbar for å få rekruttera, motivera og synleggjera kvinner i musikkbransjen. Men sjølvsagt kan også gutar melda seg på kursa.
Andre veka i februar startar det opp rockekurs i Sund der ein kan velja mellom grunnkurs i vokal, gitar, el-bass og trommer. Første del av kurset varar i åtte veker, og lærarane kjem frå AKKS.
– Deretter startar vi med samspelkurs, der vi dannar band av deltakarane, forklarar Egeland. Denne delen går over fem veker.
– Til slutt får banda opptre på ein stor konsert på Garage i Bergen, saman med band som har gått på kurs i Bergen, fortel kulturkoordinatoren. Trommesett, sanganlegg med mikrofonar og forsterkarar til bass og gitar er tilgjengeleg på kursplassen. Har ein ikkje sjølv instrument, er bass og gitar mogleg å leiga.
AKKS har arrangert slike kurs i Bergen i mange år, men dei har aldri før blitt arrangert i Sund.
Prioriterer Sund-ungdom
Kursa vil bli haldne på kurssenteret i Skogsskiftet. Det er plass til fem deltakarar på kursa i vokal, bass og gitar, og tre deltakarar på trommekurset.
– Vi opnar for påmelding no, så det kan vera lurt å vera raskt ute om ein vil sikra seg plass, seier Egeland. Samtidig trengs det fire deltakarar på kvart kurs for at det skal bli noko av.
– Vi prioriterer ungdom frå Sund. Men dersom det er ledig plass, kan vi ta inn deltakarar frå Fjell også, så det er berre å ta kontakt, seier Egeland.
Spelar sjølv i band
Ho meiner Sund har ein god del å gå på innan dette feltet.
– Det har ikkje vore satsa så mykje på denne typen aktivitetar i Sund. Desse kursa er ein del av ei større satsing på barn og unge. Det er eit ønske som er signalisert frå politikarane, seier Egeland.
Ho deltok sjølv på eit AKKS-kurs for sju-åtte år sidan. Sidan då har ho spelt bass i band.
– Når ein først har begynt i band, blir ein gjerne biten av basillen, meiner Egeland. Håpet er difor at rockekurset kan gi grobotn for band til Sund rockeklubb, som er planlagt starta opp på nytt.
– Dersom det er stor interesse for kursa, kan det henda at dei blir vidareført, seier Hilde Kristin Egeland.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



