Vestnytt / Kultur / Lagar filmklubb for eit breidt publikum

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips
Lagar filmklubb for eit breidt publikum

Lagar filmklubb for eit breidt publikum

Elisabeth Rustad og nokre vener og kollegaer frå Kystmuseet har stifta Ovågen filmklubb. – Me satsar breitt, seier Rustad.

Publisert 26.02.10 15:02
Endret 26.02.10 15:02

OEN: Det er ikkje lenge sidan Ovågen filmklubb vart stifta. Ein gjeng frå Kystmuseet er initiativtakarane, og hovudsetet blir på museet.

– Me har ein flott sal her, som er perfekt til filmar, seier Elisabeth Rustad.

For heile kommunen
Det blir ingen ny kino for øygards-bebuarane, men ein klubb der gamle klassikarar vert framsynt.

– Me ynskjer oss ein filmframvisar, ein såkalla millimeter-visar. Men me har ikkje klart å få tak i dette enno, så me køyrer på DVD-filmar, seier ein av initiativtakarane til Vestnytt.
Stiftinga er tilknytta Filmklubb-forbundet.

– Me må gå gjennom dei for å få lov å syna fram filmar offentleg. Gjennom forbundet får me ei liste over filmar me kan syna fram, seier Rustad.

Breitt publikum
Tanken bak Ovågen filmklubb er å skapa eit breitt publikum. I løpet av eit semester skal det vera tilbod som passar for både liten og stor.

– Ideelt ser me mot alle aldersgrupper i Øygarden, sidan kommunen er liten. Me har lyst å inkludera alle, både born og eldre, seier Rustad.

Dei har til dømes ein avtale med Tednebakkane om å syna fram filmar for bebuarane på omsorgssenteret.

Ovågen filmklubb er ein medlemsbasert klubb, og dei som vil sjå film der for ein liten pengesum, må vera medlemmer. Men ikkje-medlemmar kan og sjå film.

– Filmklubben er open for alle, sjølv om det er ein fordel å vera medlem, smiler Rustad.

Det blir ikkje storopning denne våren, eller semesteret som dei kallar filmsesongane sine.

– Me er godt ut i vårsemesteret, og det blir ikkje svært mange filmar framover, men me satsar på neste semester, seier Rustad som har sitt arbeid på Kystmuseet når ho ikkje er student.

Ein visning i mars
Planen er å setta opp ei framsyning i mars, og så startar filmklubben opp for alvor i løpet av juli.

– Me skal ha ein generalprøve i byrjinga av mars. Då får spesielt inviterte koma og sjå korleis dette fungerer, seier Rustad.

Kva film skal de syna fram?

– Då vert det Lars von Triers film «Riket», smiler ei spent Elisabeth Rustad.

Førebels har dei fronta filmklubben på Facebook, kor dei har 20 medlemmer.

– Eg har fått inntrykk av at dette er noko folk er interessert i. Eg trur i alle høve at det er eit publikum for oss i Øygarden, men det vil nok ta noko tid å bygga opp ein medlemsmasse, medgjer Elisabeth Rustad.

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477