Vestnytt / Kultur / Knallsuksess for Periferifestivalen

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips
Knallsuksess for Periferifestivalen

Knallsuksess for Periferifestivalen

– Vi går berre her og smiler, seier ei lukkeleg Helga Golten, snart ferdig med å raka plenen framfor scenen på Glesvær.
Publisert 26.08.07 18:08
Endret 26.08.07 18:08

GLESVÆR: Helga Golten i Periferifestivalen har ikkje oversikt over kor mange som besøkte festivalen i løpet av helga.

– Men det var uansett mange nok til at vi klarar oss godt. Vi går som sagt og smiler, seier ho.

Stjernegalleri

Begge dagane var godt besøkt, men flest publikummarar fann vegen på laurdag. Etter den stemningsfulle gratisframsyninga av Terje Vigen med Bjarte Hjelmeland ytterst på ein knaus i havgapet, fyrte det unge bandet Kakkmaddafakka opp stemninga med eit hemningslaust publikumsfrieri.

Vidare kom stjerneartistane som perler på ei snor: Stg. Petter, Natalie Nordnes med Andy Nice, som spelte i eit av nausta på kaien, William Hut, Magnet, Morten Abel, Kaptein Kaliber med tingingsverket og til slutt Sondre Lerche.

Lovar meir på Glesvær

Alle som ein av artistane gav uttrykk for at Glesvær er ein svært så passande plass å spela konsert.

– Det var på tide at det vart arrangert ein festival her. Eg håpar det er den første i ei lang rekkje, sa Sondre Lerche, som i går spelte på Glesvær for tredje året på rad.

– Ser dåke om to år, ropte Morten Abel.

Arrangørane har så langt ikkje bestemt seg for kva som skjer vidare.

– Vi veit ikkje om det blir festival til neste år, eller om det blir annakvart år. Og kanskje blir det noko anna enn ein festival. Men noko blir det her på Glesvær, lovar Helga Golten.

Les meir om Periferifestivalen i papirutgåva

Sjå også bildeseriar


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477