Illustrerer til Staalesen
Endret 19.10.07 14:10
HELLESØY: Fredag kom stykket ut i bokform.
– Det har vore ei oppleving å illustrera til denne boka, seier illustratør og multikunstnar Roger Johnsen.
Vaskerelvens rose
I går møtte han pressa saman med forfattar Gunnar Staalesen, Jo Gjerstad frå Bodoni Hus og ein drøss medarbeidarar på Den Nationale Scene (DNS) i Bergen.
– Hm, så det er du som har lokka Vestnytt hit, seier Gunnar Staalesen når fotografen vil ha Johnsen fremst på bildet.
«Begrav meg i Bergen» er ei frittståande fortsetting av komediesuksessen «Vaskerelvens Rose» som gjekk for fulle hus på DNS i 1986 og -87.
Det nye stykket har premiere neste laurdag, men alt no kjem altså komedien ut i bokform.
– Eg har jobba mykje med Jo Gjerstad i Bodoni Hus dei siste 6 - 7 åra. Det var han som spurte om eg ville illustrera til denne boka, fortel Johnsen.
Stort spenn
Han las stykket opp og ned før han byrja på teikningane tidleg på sommaren i år.
– Skissene leverte eg før eg reiste på ferie. Då eg kom heim, møtte eg Staalesen. Alt gjekk i boks, smiler Johnsen.
Johnsen har eit langt liv i reklamebransjen både i Stavanger og Bergen bak seg. For sju år sidan starta han som frilansar.
Han har eit breitt spekter som illustratør. Johnsen leverer alt frå gåver til folk som har runde dagar til prospektillustrasjonar som viser korleis eit framtidig bygg eller byggjefelt vil sjå ut i terrenget.
– No for tida jobbar eg mykje med illustrasjonar til tryggleiksmateriell, fortel Johnsen.
Underhaldande jobb
– Arbeidet med «Begrav meg i Bergen» har vore veldig kjekt og annleis. Når ein driv med prospekt, sit ein ikkje akkurat og ler, for å seia det slik.
Johnsen meiner folk har noko å sjå fram til.
– Det er ei artig bok, smiler han.
I stykket vender Vaskerelvens rose, Diana, tilbake til Bergen saman med fokledningskunstnaren Hahnegal. Dei har vore i åtte års ufrivillig eksil og kjem tilbake til byen for å hemna seg på dei som sendte dei bort, familiane Krohn og Frimann. Det er duka for forviklingar.
(Foto: Kai Svellingen Flatekvål)
Privatskule med god plass
Telavåg er klar med eit forslag til korleis privatskulen kan sjå ut. Den får god plass til framtidig folkevekst.
17. mai-feiring i gråvær og varme
Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.
Populær p-plass treng utviding
Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.
Generalprøve for Brudansen
Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.
Siste kortnytt
- Øygarden vil bli eier [14.05.13 11:05]
- MC-førar lettare skadd [12.05.13 15:05]
- Oppbevarte narkotika [10.05.13 15:05]
- Nesten i hundre på Straume [13.05.13 08:05]
- Gutt fast i fjellhylle [06.05.13 14:05]
- Seilbåt sett i Nordhordland [04.05.13 12:05]
- Herland-muren opp på nytt [03.05.13 14:05]
- Politiet på sporet etter sykkeltyver [02.05.13 09:05]
- Andreassen i Bergen Næringsråd [02.05.13 09:05]
- Promille på Tellnes [30.04.13 10:04]
- Russ påkjørt på Torsvik [30.04.13 10:04]
- Stjal sykler i Sartorparken [30.04.13 10:04]
- Utforkjøring i Tellnesskogen [26.04.13 16:04]
- Tyveri av tilhenger [23.04.13 09:04]
- Stjal verktøy fra container [23.04.13 09:04]
- Ni mål for Sotra SK [21.04.13 09:04]
- Velta med motorsykkel [21.04.13 18:04]
- Knuste ruter i to biler [20.04.13 07:04]
- Arrangerer konkurranse for jenter [18.04.13 15:04]
- Tre innbrudd samme natt [18.04.13 15:04]
Mest lest
- Sartor endrar p-avgifta [25.04.13 13:04]
- Ser lyst på fremtiden til Rong senter [03.05.13 14:05]
- Utsette skulesaka [25.04.13 11:04]
- Kvinne funnet død på Kolltveit [27.04.13 13:04]
- Folk misliker parkeringsavgiften [20.04.13 07:04]
- Kjemper sammen mot dopingmidler [26.04.13 16:04]
- «Før var eg heilt stum, no føler eg meg heilt trygg» [03.05.13 13:05]
- 17. mai-feiring i gråvær og varme [17.05.13 13:05]
- Blåste gjennom mila [02.05.13 14:05]
- - Lyskryss ved Valen monnar lite [03.05.13 14:05]
- Feirar førti år med ny plate [26.04.13 16:04]
- Ønskjer tydeleg driftsmodell [07.05.13 08:05]
- Nesten for Nest [01.05.13 19:05]
- CCB styrker posisjonen sin i Øygarden [22.04.13 08:04]
- Klare for fest, knuter og røde drakter [25.04.13 10:04]
- - Innbruddet ødelegger resten av ferien [14.05.13 11:05]
- Leteaksjon avsluttet uten funn [03.05.13 17:05]
- Rektor er habil i skulesaka [21.04.13 11:04]
- Giske smakte på ung skaperkraft [23.04.13 08:04]
- Sondre var rett regent på festninga [24.04.13 15:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Kan miste lappen etter «burning» [14.03.08 15:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Badeveret er kome til Sotra [27.06.09 08:06]
- Sartor setter på parkeringsbremsen [13.11.08 10:11]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]


