Vestnytt / Kultur / Hege Turøy gir ut juleplate

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips
Hege Turøy gir ut juleplate

Hege Turøy gir ut juleplate

Hege Turøy gir ut minialbumet «Julestemning» med fem sjølvskrivne julesangar på norsk.

Publisert 24.11.09 08:11
Endret 24.11.09 08:11

I fjor arrangerte Hege Turøy frå Ågotnes i Fjell ei rekkje julekonsertar saman med vokalist Roy Vorland.

– Eg presenterte ein ny julesang på ein av konsertane, og fekk veldig gode tilbakemeldingar, fortel Hege Turøy.

Syng på norsk

Ho bestemte seg difor for i alle fall å spela inn den sangen.

– Så kom det til ytterlegare fem sangar i løpet av juleturneen, fortel ho. Turøy har skrive alle sangane sjølv. Éin av dei er spelt inn i studioet til trommis Jan Tore Ness, resten er spelt inn hos Kato Ådland.

Albumet består av låtane Julestemning, Vinternatt, Engel, Jul hos oss og Desember.

– Eg syng på norsk. Det var ikkje mogleg å formidla denne stemninga på engelsk, meiner Turøy.

Går i minus

Ho har fått støtte av faren til deler av albumet, men mesteparten står ho for sjølv. Totalkostnaden på prosjektet er på nærare 150.000 kroner.

– Eg har ikkje noko støtteapparat i form av plateselskap, eg gjer alt sjølv, seier Turøy.

Plata blir distribuert gjennom butikkar på Ågotnes og truleg på bensinstasjonar her i regionen.

– Eg har trykt opp 500 eksemplar, opplyser Turøy. Det betyr at ho uansett ikkje går i pluss.

– Eg har så utruleg lyst til å få gitt ut musikk. Så håpar eg at dette lønnar seg på lang sikt. Håpet er å kunna driva med musikk utan å gå i minus, smiler Turøy.

Tekstane i fokus

På juleplata har ho prøvd å halda ein jordnær og nedtona stil.

– Vi har ikkje kjørt på med jingle bells og denslags. Tekstane står i fokus, seier Turøy.

Til sangen Vinternatt har ho spelt inn musikkvideo for første gong.

– Ja, dette er den første profesjonelle musikkvideoen eg har laga. Den blir sendt til Svisj og Norsk på norsk og lagt ut på Myspace og Youtube, fortel Turøy.

No ser ho fram til to julekonsertar saman med bandet, som består av trommis Jan Tore Ness, Kristian Wedberg på keaboard, Sveinung Medbøen på gitar og Lars Sveinung Lid på bass. 6. desember spelar dei i Landro kyrkje, 10. desember går turen til Sund kyrkje.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477